Hjem
Utdanning
bilateral

Tokai University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandJapan
  • ByKanagawa
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er meint for studentar som studerer japansk.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiar ved instituttet/ fakultetet du studerer ved for informasjon om dette.

Språk

Universitetet gir språkundervisning i japansk på alle nivå. Ein treng ikkje forkunnskapar i japansk for å studere ved universitetet.

Kva emne kan eg ta

Studentar frå UiB vil studere ved the Intensive Japanese Language Program. The Intensive Japanese Language Program tilbyr språkkurs på alle nivå. Programmet er eit tilbod for internasjonale studentar som ønsker å lære meir om japansk språk og kultur.

Ver merksam på at fyrsteårskurs normalt ikkje kan godkjennast. Eit fulltidsstudium ved dette universitetet utgjer15 lokale credits per semester.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med Tokai University som inneber at vi kan få inntil to friplassar kvart år, forutsett at dei også sender studentar til oss.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Tokai University er eit privat universitet som ligg i Hiratsuka, sør for Tokyo. Universitetet blei etablert i 1942 og har i dag rundt 30 000 studentar. I tillegg er det omlag 500 internasjonale studentar ved universitetet. Tokai University er ein av Japans største lærestadar og har fleire campusar. Internasjonale studentar held til på hovudcampusen Shonan Campus.

Byen Hiratsuka ligg i Kanagawa og har rundt 250 000 innbyggarar. Den ligg rundt ein time med tog frå Tokyo.

Bustad

Utvekslingsstudentar får tilbod om studentbustad gjennom universitetet.

Semesterinndeling

Semestera følger det japanske studieåret. Studieåret startar i april, og vårsemesteret går frå april til august, medan haustsemesteret går frå september til februar.

Flott bygning
Photo:
Tokai University

Informasjon