Hjem
Studentsider
bilateral

Doshisha University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandJapan
  • ByKyoto-shi
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er meint for studentar som studerer japansk.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for informasjon om dette.

Språk

Undervisinga ved universitetet foregår hovudsakleg på japansk, men universitetet tilbyr òg nokre emne på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Utvekslingsstudentar frå UiB får opptak ved Center for Japanese Language and Culture, også kalla Nichibun-programmet. Tilbodet består av eit vidt spekter av emne innanfor japansk språk og kultur. Programmet har fininndelte nivå i japansk språk og tilbyr òg ei rekke engelskspråklege emne.

Ver merksam på at fyrsteårskurs normalt ikkje kan godkjennast. Eit fulltidsstudium ved dette universitetet utgjer15 lokale credits per semester.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med Doshisha University som inneber at vi kan få inntil fire friplassar kvart år forutsett at dei også sender studentar til oss.

Merk at det påløper nokre kostnader til helsesjekk og røntgenundersøking i samband med søknadsprosessen.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Doshisha University er eit privat prestisjeuniversitet i Kyoto. Det blei grunnlagt i 1875 og har rundt 27 000 studentar fordelte på to campusområde, Imadegawa og Kyotanabe. Imadegawa ligg midt i hjartet av Kyoto, nord for Kyoto Imperial Palace, og er ein nydeleg campus med gamle, raude mursteinshus og grøntområde. Det var her universitetet i si tid blei grunnlagt, og det er her dei internasjonale studentane held til.

Kyoto er kjent som ein historisk hovudstad, med mange kulturattraksjonar og verdsarvskattar. Det er den sjette største byen i Japan, med ca 1,5 millionar innbyggarar. Gatebiletet kan få ein til å kjenne at ein er reist tilbake i tid, men likevel er byen eit viktig sentrum for ny teknologi og forsking.

Bustad

Utvekslingsstudentar får tilbod om studentbustad gjennom universitetet.

Semesterinndeling

Semestera følger det japanske studieåret. Studieåret startar i april, og vårsemesteret går frå april til august, medan haustsemesteret går frå september til februar.

Studentrapportar

2019

VÅR 2018/HØST 2018 BAHF-JAP

VÅR 2018/HØST 2018 BAHF-JAP

01.04.2018 - 31.03.2019

Undervisningsformer

Greit men alltid lekser eller en ny prøve å øve til.

Vurdering av emnetilbodet

Fag som også ville bli godkjent i Norge ble en utfordring etter som det kan lett hende at man ender på et lavere nivå enn UiB vil godkjenne. Jeg kunne sikkert utnyttet tilbudet bedre enn jeg gjorde men fant søketiden litt vanskelig.

Fagleg utbyte og språk

Alle de obligatoriske japanske fagene foregikk på japansk noe som hjelper lytteevnen. Man kunne få stort faglig utbytte om man ville. Ressursene var der i det minste med gode hjelpsomme lærere.

Universitetsområdet og byen

Super beliggenhet og utrolig fin skole!

Bustad

Sentralt og lyst. Veldig bra!

Sosialt miljø

Engasjerte elever som tok godt i mot meg, selv om jeg ikke kunne snakke så mye i begynnelsen.

VÅR 2018/HØST 2018 BAHF-JAP

VÅR 2018/HØST 2018 BAHF-JAP

01.04.2018 - 31.03.2019

Førebuingar/praktiske tips

Hugs å finn ut korleis du vil søke lån og støtte av lånekassen før du fær. Det eg gjorde var å søke normalt lån og stipend i to vanlige semester, også sende eg inn endring til lånekassen i januar. Då får du lån/stipend for utenlandsstudier minus lånet/stipendet du fekk i januar, dette gjer til at du ikkje står utan peng og du har eventuelt råd til å kjøpe flybilettar og anna dersom du skulle ha behov for det.
Vær forberedt på en del infomøter i byrjinga av semesteret samt at ein del fag på Doshisha har trekkfag så det er ikkje sikkert du kjem inn på alle faga du ynskjer. Du kjem til å kome inn på Japanskfaga dei har, og det skal i teorien halde for studiepoeng, men dersom du ikkje er klar over dette - er det vanskeleg å oppnå nok studiepoeng dersom du søker andre fag i staden for berre Japansk. Det er jo frie studiepoeng så du skal kunne studere det du ynskjer, men det kan være litt bakvendt ved Doshisha.

Undervisningsformer

Undervisningformene er greie. Lærarane er kjempe snille og forståelsesfulle og dei tek seg gjerne ein prat med deg på kontoret sitt om du skulle ynskje det (Kanskje du til og med får litt å knaske på eller noko godt å drikke :) ). Kanji er ikkje det så fokus på å lære å skrive før du kjem på nivå 6. Dette er eit ganske så høgt nivå så vær klar over ein del pugging o.l. Engelsk faga ved Doshisha er veldig greie - dei fleste av dei - eg har høyrt litt forskjellig om andre fag eg ikkje tok, men dei har veldig hyggelege lærarar i dei fleste fag.
Av personlig erfaring vil eg styre unna Spansk - spesielt på begynnarnivå - dette var ikkje noko fag å ta med mindre du likar lærarar som "ser ned" på deg fordi du er utlending og som hakkar på korleis du snakkar dersom du har den minste grammatikk feil.
Ellers er det lov med 5 timar fråvær for kvar lærar/dag/time (det vil seie at er du vekke ein mandagstime - har du 4 mandagstimar du kan være vekke frå gjenståande, men du har forstatt 5 timar gjenståande dei andre dagane i veka.) Hugs at dette går ut over karakterane dine då oppmøte og fullføring av lekser i semesteret tel på vurderinga di. Så sjølv om du hadde fått 100% på ei prøve vil ikkje det naudsynt seie at du fekk A i karakter dersom du har mykje fråvær. Når det er sagt er Doshisha ein skule eg absolutt vil anbefale.

Vurdering av emnetilbodet

Å ha eit år utveksling i Japan gjer deg utrulig stø på beina. Du må klare mykje sjølv og du kan ikkje alltid berre slå om til engelsk eller norsk. Dette gjer til at du får ei språkleg utvikling som er fleire gongar betre enn du skulle hatt om du hadde berre studert i Noreg. Eit halvt år er ikkje nok til å skaffe seg denne kunnskapen, for med ein gong du er komen litt inn i korleis ting fungerar i Japan og språket - så skal du heim. Så er du komen inn på Japansk ved UiB er du utruleg heldig som får sjangsen til å være der eit år. Lykke til!

Fagleg utbyte og språk

Undervisningsmetode var veldig grei. Vi gjorde ein del lekser i timane og gjekk igjennom grammatikk og tekstar. Deretter fekk ein litt lekser ein tok med seg heim, men det var ikkje nokon sinne så mykje. Men, når språk kjem til syne er det verkeleg lurt å ta sjangsen å reise litt om sommaren. Det var rundt desse tider når eg fekk brukt Japansken utanfor skuleområdet at eg fekk mest utbytte og vart betre. Utafor skulen er det nok ein gong ingen som kan halde deg i handa.

Universitetsområdet og byen

Kyoto er ein nydeleg by omgitt av fjell, gode transportmogelegheiter, natur og snille menneskjer. Universitetsområdet er noko av det vakraste, dei har butikkar på campus alt i frå matbutikk til bakeri/kafé, kafeteria og bokbutikk der du også kan få tak i elektronikk i ein viss grad. Rundt campus er det også små kafear, ramensjapper, ein thai-restaurant, izakaya, karaoke, ein bar samt 7/11, Fresco osv. Frå campus er det berre å gå rett over vegen for å komme til Gosho - det keiserlige palass med nydeleg natur.

Bustad

Eg budde på Richards House og er svært glad for det. Det er nydelige små hyblar med eige bad + badekar, du har eit lite kjøkken, men det er også eit stort felleskjøkken på kvar etage dersom du ynskjer å benytte dette. Mitsui-san(三ツ井さん), som no er vorte 管理人さん(かんりんにんさん)- det vil seie nokon som tek vare på dei som bur der, ordnar med post og boss, og hjelp deg om du skulle trenge det, er utruleg grei. Det er berre å spør om ho vil ta ein kopp te ein dag og ho set utruleg stor pris på det. De kan sitje å snakke i timasvis dersom det byr seg. Eg var også oversetjar for ho og hjalp ho med ein del ting rundt om i bygingen.
Richards House består av 5 etasjar og har nydeleg utsikt på framsida av eit tempel og 火 teiknet som blir sett fyr på rundt OBON. Frå her har du også lett tilgang på Gosho, parken/hagen der den keiserlige familie budde då dei heldt til i Kyoto. Her kan du gå igjennom for å kome til Doshisha University som tek rundt 10 - 15 minutt å gå. Her kjem du også lett fram til dei største 祭り(まつり)-ane i Kyoto då dei startar i Gosho. Om helgane er det også ein del familiar som er ute med hundane sine eller med borna sine og spelar Pokémon Go dersom du er interessert i dette. Det er ein fin måte å treffe nye folk på!

Sosialt miljø

Det sosiale er som mange andre plassar. Du er den som oftast er nødt til å sei hei først. Så for å få ein japansk omgangskrets vil eg anbefale å bli med i aktivitetar etter skulen som klubbar eller sirklar. Klubbar er obligatoriske og kostar som regel ein del peng på bli med i - medan sirklar som dei kallar det er ofte gratisk. Eg var med i ein sirkel kalla NASA der du helst ikkje skal snakke Engelsk og då er det Japanarar med som hjelp deg med å lære betre å snakke, hjelp med lekser eller andre spørsmål du måtte ha og du får mogelegheiter til å verte med på turar rundt om i Kyoto for å sjå deg rundt og oppleve autentisk Japansk kultur. Dei som driv med NASA er også flinke i Engelsk - så dersom du ikkje får det heilt til med Japansken - så hjelp dei deg gjerne. Engelsk er altså ikkje forbudt ;)

2018

2017/2018: BA i japansk

2017/2018: BA i japansk

01.04.2017 - 31.03.2018

Førebuingar/praktiske tips

Forberede til å ta mange fag ettersom et japansk fag bare gir 1 credit. Blir lange dager

Undervisningsformer

Flere undervisningstimer der enn her i Norge. Det kommer an på fagene man velger, men jeg endre opp med en timeplan som er veldig lik timeplanen en har på vanlig skole. Med tillegg til ekstra fag senere på dagene.

Vurdering av emnetilbodet

Lærte mye ettersom jeg kom i riktig Japansknivå

Fagleg utbyte og språk

Føler jeg har blitt flinkere. Skaff dere mange venner som dere kan ha samtaler med.

Universitetsområdet og byen

Doshisha ligger i et veldig bra område i kontrast med Ritsumeikan. Man kan gå eller ta tog direkte ned til Sanjo eller Shijo, som er Kyotos sentrum.

Bustad

Jeg valgte å bo på Share House ved Hyakumanben. Jeg syklet til skolen hver dag, og da fikk jeg sett Kamogawa river hver dag.

Sosialt miljø

Jeg skaffet meg en del venner som jeg fortsatt har kontakt med idag. Jeg hadde også venner der fra før som jeg ble kjent med i Norge.

Studentar på campus
Foto/ill.:
Doshisha University

Informasjon