Hjem
Utdanning
bilateral

University of North Dakota og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandUSA
  • ByGrand Forks
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Både bachelor- og masterstudentar kan søkje. UND krev karaktersnitt C.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiar ved ditt institutt/fakultet for informasjon om dette.

Språk

Undervinsningsspråket er engelsk. UND krev IELTS eller TOEFL test.

Kva emne kan eg ta

UND tilbyr emne i følgjande fagområda: humanistiske fag, samfunnsvitenskapelge fag, media og kommunikasjon, pedagogikk, mattematiske og naturvitenskapelege fag m.m. Liste over emne ved UND er tilgjengeleg her.

Studieavgift

UiB får nokre friplassar kvart semester avhengig av kor mange studentar UND sender til UiB.

I uttaket med frist 1. september 2019 har vi 3 friplassar.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

The University of North Dakota (UND) er det delstatens eldste og største universitetet med over 15 000 studentar og over 255 studieprogram, bl.a. juss- og medisinutdanning. UND er eit av dei 100 beste forskningsuniversiteta i USA.

UND ligg i byen Grand Forks på grensa mellomNorth Dakota og Minnesota. Grand Forks er North Dakotas tredje største by og har 50 000 innbygjarar. Grand Forks er blant dei 10 tryggaste byane i USA, blant dei 10 beste universitetsbyane i USA,og er USAs beste hockeyby.

Bustad

Utvekslingsstudentar kan søkje om å bu på campus.

Semesterinndeling

Studieåret er delt opp i to semester. Haustsemesteret varer frå tredje veka i august til tredje veka i desember og vårsemesterer varer frå ca midten av januar til midten av mai.

Informasjon