Hjem
Studentsider
erasmus+

Mimar Sinan University og Griegakademiet - Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandTyrkia
  • ByFindikli-Istanbul
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelor- og masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Mimar Sinan Fine Arts University vart grunnlagt i 1882 og er den eldste utdanningsinstitusjonen for kunst i Tyrkia. Universitetet er lokalisert på den europeiske sida av Istanbul og har i underkant av 7000 studentar fordelt over fleire einingar. Mimar Sinan Fine Arts University State Conservatory vart oppretta i 1970 og byrja å tilby utdanning innan musikk og scenekunst i 1971. Musikk er den største eininga av konservatoriet og består av komposisjon og dirigering, strengeinstrument, treblåseinstrument og pianoprogram.

Istanbul, som lenge også var kjend som Konstantinopel, er ein av dei største byane i verda, og er den største i Tyrkia. Byen har over 15 millionar innbyggarar og er det økonomiske, kulturelle og historiske hjartet av landet. Byen har eit pulserande liv og er heimen til kulturminnet Hagia Sofia, den kjende bysantinske arkitekturen sitt meisterverk.

Informasjon