Hjem
Utdanning
erasmus+

Ecole supérieure de Chimie organique et minérale og Kjemisk institutt (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByCompiègne
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er forbeholdt bachelorstudenter i kjemi.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er gjort greie for i emneskildringane. Det er naudsynt med gode kunnskapar i fransk for å følge undervisninga i emne som berre har undervisning på fransk. Vi anbefaler at du vel emne som har engelsk som undervisningsspråk.

Det er fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå uib.no for informasjon om språkkurs og språktandem.Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå lærestaden sine nettsider for informasjon om kva språkkurstilbod som eventuelt finst for utvekslingsstudentar i komande semester. 

Kva emne kan eg ta

Ver merksam på at det er obligatoriske emne i andre og tredje studieår av bachelorprogrammet i kjemi som må dekkast inn under utvekslingsopphaldet. Det er derfor naudsynt å velje emne som kan godkjennast som tilsvarande desse emna. Det er viktig å vere i kontakt med studierettleiar for å få vurdert om emne du ønsker å ta kan erstatte obligatoriske emne i bachelorstudiet i kjemi. Ta tidleg kontakt med studierettleiar på e-post når du skal planlegge utvekslingsopphaldet ditt. Kontaktadressa er studierettleiar@kjemi.uib.no.

Du kan òg velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i bachelorgraden. Då kan du velje fritt mellom dei akademiske emna universitetet tilbyr. Emna du vel kan ikkje overlappe med emne du har tatt før, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Ver merksam på eventuelle krav til faglege forkunnskapar for enkelte emne.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

École supérieure de chimie organique et minérale (ESCOM) er ein liten privat fransk høgskule som blei grunnlagd i 1957, og er spesialisert innanfor forsking og undervising knytt til kjemi og kjemiske ingeniørfag. Institusjonen har knapt 500 studentar totalt. ESCOM sine studieløp involverer mykje praktisk trening og samarbeid med legemiddelindustri og anna industri på feltet. Campusområdet ligg i den franske småbyen Compiègne.

Compiègne har om lag 40 000 innbyggarar og ligg nord i Frankrike, i regionen Picardie. Byen har unge innbyggarar og er elles kjend for gode sosiale løysingar, blant anna i form av fleire gratis busslinjer. Han har tidlegare blitt kåra som Frankrikes mest sportslege by.

Bustad

ESCOM har fleire studentbustader på campusområdet der internasjonale studentar har prioritet som søkarar. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Flott bygning
Photo:
© Ecole supérieure de Chimie organique et minérale

Informasjon