Hjem
Utdanning
erasmus+

Coventry University og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByCoventry
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for geografitudentar på bachelornivå. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geografistudentane. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har tatt 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester eller 5. og/eller 6. semester, når du kan ta emne som frie studiepoeng.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Coventry University er eit offentleg forskingsuniversitet som fekk sin universitetsstatus i 1992. Før dette var institusjonen kjent som Lanchester Polytechnic. Universitetet har om lag 27 000 studentar og er såleis det største av dei to universiteta i byen Coventry. Det består av tre fakultet som tilsaman dekker eit godt utval av fagområde, og i tillegg Coventry School of Art and Design.

Coventry er den tiande største byen i England, og ligg i West Midlands, 150 kilometer nordvest for London. Ingen britisk by ligg lenger frå kysten enn kva Coventry gjer. Stalingrad (no Volgograd) og Coventry blei i 1944 verdas første vennskapsbyar, då innbyggarar i Coventry ønskte å uttrykke si støtte for Den Raude Armé under slaget om Stalingrad.

Bustad

Coventry University tilbyr hjelp til å finne bustad. Studentbustadar er opne også for utvekslingsstudentar.

Semesterinndeling

Det akademiske året er delt inn i trimester, med forelesningsperiodar og eksamensavvikling i tidsromma september - desember, januar - mars og april - juni.

Nokre fagområde har imidlertid semesterinndeling, og den ser då om lag slik ut:

September - januar
Januar - mai

Informasjon