Hjem
Utdanning
erasmus+

Universidad Pablo de Olavide og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • BySevilla
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor spansk språk, litteratur og kultur. Du skal ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

NB! Det er kun mogleg å søke på denne avtalen dersom du vil reise ut haustsemesteret. Då kan du velje om du vil vere på utveksling i eitt semester eller eitt år. Det er ikkje mogleg å søke på denne avtalen for kun vårsemesteret.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor i spansk språk og latinamerikastudium: best eigna for utveksling er dei siste fire semestra i studiet.

Studentar på andre program: sjekk med ditt studieprogram i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Spansk

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. 

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidad Pablo de Olavide (UPO) blei grunnlagt i 1997 og er eitt av dei yngste og minste offentlege universiteta i Spania, med ein studentpopulasjon på kring 10 000. UPO er eit breiddeuniversitet, men er særskild sterk på latin-amerikanske studiar. Campus ligg rett i utkanten av Sevilla.

Sevilla er hovudstaden i den autonome regionen Andalucía i det sørlege Spania, og er med sine 700 000 innbyggarar landets fjerde største by. Byen er rik på historie og kultur og har tre bygningar på UNESCO si verdsarvliste. Kombinert med eit behageleg klima, gjer dette byen og området til eit populært feriemål.

Bustad

Vertsuniversitetet kan som regel hjelpe Erasmus-studentar med å finne ein stad å bu.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Studentrapportar

2017

BA i spansk språk og latinamerikastudium, haust 2017

BA i spansk språk og latinamerikastudium, haust 2017

01.09.2017 - 31.12.2017

Førebuingar/praktiske tips

Eg kunne greit med spansk før eg reiste, men viss ein ikkje er sikker på om ein kan nok, er det nok lurt å melda seg på språkkurs. Eg traff nokre som ikkje hadde meldt seg på språkkurs, som heller ikkje hadde noko spansk-grunnlag, og dei angra på det. For meg var det i tillegg veldig betryggande å ha ein stad å bu når eg kom ned, sjølv om mange finn bustadar når dei kjem dit.

Undervisningsformer

Mange fag og utdanningsløp er yrkesretta, og det kan påvirka eindel korleis faget framstår og frå kva synspunkt det blir undervist. Det kom ikkje heilt fram i fagkatalogen, men det eine faget mitt blei til dømes undervist frå ein vinkel, kun brukbar for oversetjarar og tolkar. Eg hadde tre fag, der to av dei var relativt like, med forelesningar som ein skulle ha førebudd seg til og gruppetimar som óg hadde tilhøyrande lekser. Det tredje faget, italiensk, var satt opp slik at både forelesningane og gruppetimane blei brukt på aktivitetar og øvingar. For meg som kom frå UiB, der det óg er "lekser" til timane, var det nokså uvant å komma til eit universitetsmiljø som fulgte opp om studentane sine litt som om me gjekk på vidaregåande.

Vurdering av emnetilbodet

Emnetilbodet på universitetet var ganske stort, og mange av dei faga eg leste om kunne interessera meg. Faga kunne finne stad ca. mellom kl.08:00 og kl:22:00, måndag til fredag.

Fagleg utbyte og språk

Eg valde å reisa til Sevilla mest på grunn av at dei snakka spansk her og kva for dialekt eg leste meg fram til at dei hadde. Sidan språk, og det spanske språket spesielt, interesserer meg veldig, er eg veldig glad for at eg blei kjend med menneske som hadde tolmod nok til å snakka med meg. Eg trur det, og det faktum at eg har budd hos ein spansktalande familie, har hatt mykje å sei for den språklege forbetringa eg har hatt. I tillegg har eg hatt eit fag om kva lingvistikk ein bruker som oversetjar og tolk, eit fag om generell (men óg veldig spesifikk) spansk grammatikk, og til slutt eit fag som har lært meg grunnleggande italiensk. I italiensk-faget har me lært både å skriva, forstå og snakka italiensk, og det berre på fira månadar! Dei andre faga har vore litt vanskelegare, fordi all undervisninga der var forbeholdt at ein allereie hadde heile det spanske ordforrådet på plass og spansk-kunnskapar i dei områda me har kunnskap om norsk grammatikk..

Universitetsområdet og byen

Universitetsområdet til Universidad Pablo de Olavide (UPO) ligg ca. 20min med metro utanfor sentrum av Sevilla. Universitetet har eit eige metrostopp og busstopp, som kan vera veldig nyttig for dei som tar metro eller buss til universitetet. Eg budde såpass nerme UPO at eg gjekk til timane kvar dag, ein fin liten tur på 15min. Universitetet består av mange forskjellige bygg og eg var heldig nok til å bare ha forelesningar og timar på eit av dei, medan andre måtte gå lengre distansar mellom nokre timar. Og imotsetnad til UiB, så har ikkje UPO lagt inn 15min pause til å forflytta seg, ete, osv. Når det gjeld byen, så er sentrum av Sevilla nydelig! Det er lite anna eg kan seie.. Midt inne i sentrumet finn du katedralen, ei svær kyrkje med flotte utskjæringar; Archivo de Indias, som er eit historisk bygg fyllt med informasjon frå då Columbus "oppdaga" Amerika; og Real Alcázar de Sevilla, som er eit av den spanske kongefamilien sine feriehus. Alle desse er på UNESCO si verdsarvliste. Litt bortforbi har ein Plaza de España, med ein god del fine parkar rundt og i nærleiken av seg. I motsett retning er det eit par handlegater med alt frå kjende og kjære butikkar, til butikkar som kan laga kjolar og hattar til deg. Der er óg noko som heitte Las Setas, som kan bli oversatt til "Soppane" fordi det ser ut som gigantiske soppar som er blitt gjort om til ein utkikksplass. Der har eg no vore tre gonger, alle på kveldstid, berre for å nyta korleis byen ser ut då. Eg kunne sikkert skrive i evighetar, men det er rett og slett ein by man bør besøka - utveksling eller ikkje.

Bustad

Eg valde på førehand at eg ville ha buplass klart når eg kom fram, men var ikkje heilt sikker på korleis eg ville bu. Til slutt, ved hjelp av uniplaces.com, fekk eg leigd eit rom i huset til ein spansk familie. Det låg ca. 15min i gåavstand frå universitetet, 3min frå metroen og 10min frå butikken. Vel og merka var det ikkje mykje som skjedde i dette området (Condequinto), og eg måtte alltid eit stykke inn mot sentrum for å finna dei sosiale arrangementa, men etterkvart fann eg ut at det passa greit med måten eg enda opp med å gjera ting på. Det budde óg to andre studentar, som var lika gamle som meg, i huset - så eg fekk to veldig gode vener i dei! Ordningen eg hadde med bustad og slik, var at rommet, vasking av rommet og klær, og mat var inkludert. På grunn av det har eg fått prøvd mat eg aldri ville funne på å laga sjølv. I tillegg fekk eg snakka mykje spansk med familien som budde i huset, sidan dei ikkje var særlig stødige i engelsk.

Sosialt miljø

Dei har ei gruppe som heiter ESN UPO eller ESN Sevilla for alle erasmus-studentane der. Der fekk eg meg ein "buddy" som eg kunne vera med og spørja om ting, og gruppene arrangerte mange arrangement og turar. I byrjinga var det ein strandtur kvar helg, og etter det var det berre generelt sett turar og ting som skjedde kvar veke og helg. Eg valgte å vera med på eindel av det, men óg å droppa noko. Nokon er med på alt, og andre ikkje, og det er heilt frivilleg. I tillegg til ESN-gruppa, blei eg kjend med folka i klassane mine. Sidan eg kunne noko spansk frå før av, blei det enklare å bli kjend med dei lokale óg.

Informasjon