Hjem
Studentsider
bilateral

UiT Norges arktiske universitet og Universitetet i Bergen (BILATERAL - North2north)

  • Land
  • ByTromsø
  • Studieplassar10
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Lærestader i nettverket

North2north er eit mobilitetsprogram som drivast av UArctic-nettverket som UiB er medlem av. Programmets mål er å auke samarbeidet i og kunnskapen om nordområda. Nettverket består av universitet i Canada, USA, Grønland, Danmark, Sverige, Island, Finland, Færøyene og Russland. North2north gjer UiB-studentar mogelegheit til å konkurere om friplassar ved desse universiteta. I tillegg til en friplass kan ein få north2north-stipend.

Våren 2025 er det friplassar ved desse universiteta:

Algoma University

Aurora College

Memorial University of Newfoundland

Nunavut Arctic College

Universite de Quebec a Rimouski

UNBC

University of Prince Edward Island

University of Saskatchewan

Yukon University

Ei oversikt over universiteta og meir informasjon om utvekslinga finn du her: http://education.uarctic.org/mobility/

Både bachelor- og masterstudentar kan søkje om utveksling via north2north-programmet.

Du kan søkje til opp til 3 universitet i norh2north-nettverket.Skriv i merknadsfeltet kva for universitet du vel, i prioriterty rekkjefølge.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for informasjon om når det passar å reise på utveksling på ditt studieprogram.

Språk

Vi tilrår at studentar som vurderer å søke om utveksling gjennom denne avtalen går inn på den enkelte lærestaden sine nettsiderog sjekker kva undervisningsspråket er på universitetet som dei er interesserte i.

Kva emne kan eg ta

North2north er et utvekslingsprogram som gir studentar høve til å studera i ulike delar av det globale nord.

Gjennom programmet kan du reise til Canada, USA, Storbritannia, Grønland, Færøyene og Australia.

Emnetilbodet varierer frå universitet til universitet som er med i nettverket. Vi tilrår at studentar som vurderer å søke om utveksling gjennom denne avtalen går inn på den enkelte lærestaden sine nettsider og les seg opp på kva emnetilbod dei har eller sjekker kurskatalogen her: http://education.uarctic.org/studies/

Informasjon