Hjem
Studentsider
erasmus+

Helmut-Schmidt-Universität og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByHamburg
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Helmut-Schmidt-Universität ligg i utkanten av Hamburg og vart grunnlagt etter initiativ av den dåverande forsvarsministeren Helmut Schmidt, då under namnet Hochschule der Bundeswehr Hamburg. Opprinneleg var det ein militær utdanningsinstitusjon med utdanning og trening av framtige offiserar i fokus. Også i dag er fleirtalet av studentane soldatar. I 2007 blei studietilbodet gjennom Bologna-prosessen lagt om til bachelor- og masterstudier, og universitetet har i dag 2 500 studentar fordelt på ni bachelor- og 16 masterprogram, hovudsakleg innan ingeniør- og byggfag, økonomi og samfunnsvitskap. Undervisninga føregår i trimester, med ein noko tettare timeplan enn det ein kanskje er van med frå studier i Noreg.

Hamburg er Tyskland sin nest største by og viktigaste hamneby. Hamburg sentrum er bygd rundt dei to innsjøane Binnenalster og Aussenalster, noko som gir byen eit ope og triveleg preg. I kraft av å vere ein urban by med to millionar menneske, har Hamburg eit svært godt kulturtilbod, til alle døgnets tider. Kostnadsnivået i Hamburg er relativt høgt.

Bustad

Studentane ved dette universitetet bur på campus, og studentheimane er også opne for Erasmus-studentar.

Semesterinndeling

Trimester:

Haust: oktober til desember
Vinter: januar til mars
Vår: april til juni

Informasjon