Hjem

Utdanning

erasmus+

Otto-von-Guericke-Universität Magdeburg og Institutt for informatikk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByMagdeburg
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Alle studentar ved UiB kan søke, men studentar tilknytt Institutt for informatikk vil ha førsteprioritet dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar. Studentar skal ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorprogramma ved Institutt for informatikk er det tilrettelagt for at studentar kan reise på utveksling i 6. semester, men det er òg mogeleg å reise ut tidlegare i studieløpet.

Språk

Otto Von Guericke University of Magdeburg har informatikkemne både på tysk og engelsk. Dersom du planlegg å ta emne på tysk er det naudsynt med gode språkkunnskapar.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Med utgangspunkt i denne sida finn du aktuelle informatikkemne: http://www.uni-magdeburg.de/unimagdeburg/en/Study/Exchange+Programmes/Studying+as+an+ERASMUS_+Exchange+Student-p-48720.html

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Otto von Guericke Universität Magdeburg blei grunnlagt i 1993 og er eitt av dei yngste universiteta i Tyskland. Det har fått namnet sitt etter fysikaren Otto von Guericke og har om lag 14 000 studentar fordelt på ni fakultet.

Magdeburg er hovudstad i Sachsen-Anhalt og har om lag 230 000 innbyggarar. Byen ligg ved elva Elbe mellom Hannover og Berlin, nordaust i Tyskland.

Bustad

Studentenwerk Magdeburg driv studentheimar på/i nærleiken av campus, men her er det mange om beinet. Mange vil difor å bu privat.

Semesterinndeling

Vintersemester: oktober-mars
Sommersemester: april-september

Informasjon