Hjem
Utdanning
bilateral

Shandong University og Det juridiske fakultet (BILATERAL)

  • LandKina
  • ByJinan
  • Studieplassar5
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår. For å kvalifisere til studier ved Shandong University må ein ha eit karaktersnitt på C eller betre.

Når i studiet kan eg reise

I Master i rettsvitskap-studiet kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår.

I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er kinesisk, slik at for å studere ved Shandong University må du kunne kinesisk.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Du vel blant kursa som dei kinesiske studentane tek som del av sin juridiske grad.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Studentar som reiser gjennom denne avtalen betaler ikkje skolepengar eller studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Dagens Shandong University vart etablert i 2000 etter ei samanslåing av tre ulike høgare utdanningsinstitusjonar i Shandong. Shandong University er likevel eit av dei eldste universiteta i Kina med ei historie som skriv seg tilbake til 1864.

Universitetet har 60 000 fulltidsstudentar fordelt på åtte ulike campusar i tre ulike byar i Shandongprovinsen. Law School ligg på Qingdao campus i byen Qingdao og har om lag 2000 studentar.

Qingdao (som også kan stavast Tsingtao) er ein hamneby på kysten av Gulehavet med kring seks millionar innbyggjarar innanfor bygrensene.

Bustad

Universitetet tilbyr bustad på campus. Det er likevel ikkje nok rom til at alle som ønskjer det kan bu på campus.

Semesterinndeling

Frå byrjinga av september til midten av januar, og frå midten av februar til byrjinga av juni.

Informasjon