Hjem
Studentsider
erasmus+icm

Université Tunis El Manar og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+ICM - Erasmus+ International Credit Mobility)

  • LandTunisia
  • ByTunis
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+icm
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogrammet i arabisk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor arabisk språk, litteratur eller kultur, eller andre humanistiske fag. Det er eit krav at du må ha tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelor- og masterprogrammet i arabisk vert prioritert i fall det er fleire søkjarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i arabisk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei to siste semestera på bachelorprogrammet.

Masterstudentar i arabisk: Det passar best å reise ut i andre semester av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er arabisk, fransk eller engelsk, avhengig av fag.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på i forkant. Sjå uib.no for meir informasjon om språkkurs og språktandem. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst, og eventuelt kva startdatoar som gjeld komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Moglege fagområder er arabisk og andre humanistiske fag. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er på utveksling.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Tunis El Manar vart grunnlagt i 1987, men fikk sitt noverande namn i år 2000. Universitetet har eit variert studietilbod og består av 4 fakultet, 9 institutt og 2 skoler. Universitetet i Tunis har nærare 40 000 studentar og samarbeider med ei rekke land gjennom ulike utvekslingsavtalar.

University of Tunis El Manar ligg i hovudstaden Tunis, som har om lag 2 700 000 innbyggarar.

Bustad

Universitetet i Tunis vil assistere internasjonale studentar i å finne bustad. Ta kontakt med universitetet i Tunis for å få meir informasjon om korleis du søker om studentbustad.

Semesterinndeling

Midten av september til midten av januar, starten av februar til slutten av juni.

Bilde av bygning
Foto/ill.:
© Anna Polster

Informasjon