Hjem
Studentsider
erasmus+

Fachhochschule Trier - Hochschule für Technik, Wirtschaft und Gestaltung og Institutt for design (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByTrier
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogrammet i design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar er det mogleg å reise på utveksling i 3., 4. eller 5. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet i Trier har omlag 7600 studentar og er det nest største universitetet i delstaten Rheinland-Pfalz. Universitetet har tre campus og tilbyr eit breitt spekter av studiemoglegheiter. De tre campusane ved Trier har ei lang historie som strekk seg tilbake til 1800-talet. Universitetet tilbyr 80 gradsstudiar mellom anna innan økonomi, jus, arkitektur og design. Campus for design og kunst ligg i sentrum av byen Trier.

Trier er ein av Tysklands eldste byar med omlag 105 000 innbyggarar. Byen ligg i delstaten Rheinland-Pfalz, like ved grensa til Luxembourg. Trier ligg midt i Moseldalen og har fjellkjeda Hunsrück i sør og Eiffel i nord. Byen er velkjend for sine godt bevarte romerske bygningar, mellom anna Porta Nigra, den best verna romerske byport nord for Alpen.

Informasjon