Hjem
Utdanning
erasmus+

Universidad de Vigo og Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByVigo
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelorprogrammet i kunst. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar er det mogleg å reise på utveksling i 3., 4. eller 5. semester. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet i Vigo er eit statleg universitet i Galicia nord i Spania. Universitetet har om lag 20 000 studentar fordelt på ni fakultet. Det finst tre campusar som ligger i byane Ourense, Pontevedra og Vigo. Universitetet tilbyr grader i blant anna telekommunikasjon og datateknologi.

Galicia ligg i provinsen Pontevedra, like nord for grensa til Portugal. Byen har om lag 290 000 innbyggarar og har ei fin naturlig hamn med stor trafikk. Vigo består av ein mindre og gamal bydel og ein nyare med breie gater og moderne bygningar. Borgen Castillo del Castro frå 1600-talet ruvar over gamlebyen.

Bustad

Det internasjonale kontoret hjelper studentar på alle campusar med å finne bustad.

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni.

Informasjon