Hjem
Studentsider
erasmus+

Accademia de Belle Arti di Bologna og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByBologna
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Accademia de Belle Arti di Bologna er eit offentleg universitet med ei historie som strekker seg tilbake til 1711. Universitetet har omkring 1 500 studentar fordelt på instituttet for biletkunst, institutt for design og anvendt kunst og institutt for kommunikasjon og undervisning i kunst. Universitetet tilbyr kurs innan scenografi, grafisk design, maleri, skulptur, teikneserie og illustrasjon.

Bologna ligg nordaust i Italia, og har om lag ein million innbyggarar. Det er regionshovudstad i Emilia-Romagna og ligg ved foten av Appenninene i innlandet. Bologna har mange tilnamn. Blant desse er den lærde ("La dotta") som refererer til universitetet, og den feite ("La grassa"), som refererer til matkulturen.

Informasjon