Hjem

Utdanning

erasmus+

Universiteit Antwerpen og Institutt for design (ERASMUS+)

  • LandBelgia
  • ByAntwerpen
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for bachelorstudentar på studieprogrammet i møbel- og romdesign/interiørarkitektur. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar er det mogleg å reise på utveksling i 3., 4. eller 5. semester.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universiteit Antwerpen blei til ved ein fusjon mellom tre tidlegare uavhengige universitet i 2003. Det er eit av Belgias største, med ni campusar og rundt 20 000 studentar. Universitetet har eit breitt fagtilbod, og satsar på forsking blant anna innanfor felta nanoteknologi og materiallære, økologi og berekraft, epidemiologi og sosioøkonomisk politikk og administrasjon. Universitetet sine bygningar ligg spreidd rundt i byen.

Antwerpen har 512 000 innbyggarar Belgias nest største by. Han ligg ved utløpet av elva Scheldt mot Nordsjøen, ikkje så langt frå grensa til Nederland. Bynamnet tyder «kaste hand». Legenda seier at det rådde ei kjempe her, som kravde skatt av alle forbipasserande og kutta handa av dei som nekta å betale. Kjempa fekk si bane då ein ung helt gjorde hemn med same mynt. Antwerpen er historisk sett ein svært viktig hamneby, og er elles kjend for diamanthandel og kunst. Meir enn 85 prosent av verdas rå diamantar kjem innom Antwerpen på si ferd mot verdsmarknaden.

Bustad

Universitetet har somme eigne studentbustader, og samarbeider med private eigde studentheimar om å tilby bustad til sine internasjonale studentar. Søknad om bustad kan sendast via internett innan ein gitt frist kvart semester. Universitetet kan òg gi råd til dei som ønsker å finne bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon