Hjem
Studentsider
nordplus

Det Kongelige Akademi - Arkitektur, Design og Konservering og Institutt for design (NORDPLUS - Cirrus)

  • LandDanmark
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogrammet i design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar er det mogleg å reise på utveksling i 3., 4. eller 5. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute. Det er mogleg å søke stipend gjennom nettverket.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Det Kongelige Akademi - Arkitektur, Design, Konservering (tidligere: Det kongelege Danske kunstakademis skoler for arkitektur, design og konservering) er Nordens førande akademi innanfor arkitektur, design og konservering. KADK vart danna i 2011 som ein fusjon mellom Kunstakademiets Arkitektskole, Danmarks Designskole og Kunstakademiets Konservatorskole. KADK har i dag rundt 2000 studentar fordelt på sju institutt. Fleire kjende designarar er utdanna ved skulen, mellom anna Arne Jacobsen som er utdanna ved arkitektskulen og Hans Wegner som er utdanna ved designskulen. Arkitektskulen vart i 2013 kåra til Europas nest beste arkitektskule.

København ligg på øyane Sjælland og Amager ved Øresund, ein halvtimes togtur frå Sverige og halvannan times flytur frå Bergen. I storbyområdet København bur det om lag 1,2 millionar menneske. Dei kan glede seg over å bu i det som fleire gongar har blitt kåra til verdas beste by å bu i, og som elles er kjend for verdsleiande gastronomi, den liberale fristaden Christiania og ivrige syklistar.

Informasjon