Hjem
Studentsider
nordplus

Aalto University School of Art and Design og Institutt for design (NORDPLUS - Cirrus)

  • LandFinland
  • ByHelsinki
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogrammet i design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute. Det er mogleg å søke stipend gjennom nettverket.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Aalto University ligg i Esbo like utanfor Helsinki. Universitetet blei danna i 2010 som ein samanslåing av Helsinki School of Economics, Helsinki University of Technology og University of Art and Design Helsinki. Lærestaden har ca. 17500 studentar. Universitetet er oppkalt etter den berømte finske arkitekten Alvar Aalto, som er alumni frå Helsinki University of Technology, og som også har designa store delar av campus.

Helsinki, kalla Helsingfors på svensk, er hovudstaden i Finland og har rundt 600 000 innbyggarar. Byen ligg sør i landet ved Finskebukta, og har ei strandlinje på 98 kilometer. Delar av bysentrum ligg på ei halvøy. Både kostnadsnivået og levestandarden er relativt høg i Helsinki.

Bustad

Ein må belage seg på å finne bustad sjølv, men lærestaden gir råd og tips til studentar som søker bustad.

Semesterinndeling

august - desember

januar - juni

Informasjon