Hjem
Studentsider
nordplus

University of the Arts Helsinki og Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst (NORDPLUS - KUNO)

  • LandFinland
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogrammet i kunst. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar er det mogleg å reise på utveksling i 3., 4. eller 5. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute. Det er mogleg å søke stipend gjennom nettverket.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of the Arts Helsinki vart grunnlagt i 2013 og tilbyr den høgste utdanninga innan musikk, kunst, teater og dans i Finland. Universitetet består av tre akademi, tidlegare tre sjølvstendige universitet, som alle har djupe røter i finsk utdannings- og kunsthistorie; Kunstakademiet, Sibelius-akademiet og Teaterhøgskolen. Kunstakademiet i Helsinki har eit høgt utdanningsnivå i skulptur, maleri, grafisk kunst og fotografering. Sibelius-akademiet, som i tillegg til Helsinki også har campusområde i Kuopio og Seinäjoki, er ein av dei største musikkakademia i Europa. Her tilbys det framifrå utdanning innan musikk i Finland.

Helsinki, kalla Helsingfors på svensk, er hovudstaden i Finland. Med om lag 600 000 innbyggarar er dette den mest folkerike byen i landet. Byen ligg sør i landet ved Finskebukta, og har ei strandlinje på 98 kilometer. Delar av bysentrum ligg på ei halvøy. Kuopio er den mest folkerike byen i aust-Finland og åttande i landet, med om lag 120 000 innbyggarar. Denne byen er kjend for å vere ein av dei viktigaste studentbyane i Finland.

Informasjon