Avans Hogeschool og Institutt for design (ERASMUS+)
- LandNederland
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld for studentar på bachelorprogrammet i design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.
Når i studiet kan eg reise
For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester.
Språk
Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.
Kva emne kan eg ta
Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Avans Hogeschool vart etablert i 2004 som eit resultat av ein fusjon mellom Hogeschool Brabant og Hogeschool's-Hertogenbosch. Avans tilbyr mellom anna kurs innan økonomi og næringsliv, ingeniørfag, samfunn og åtferd, kunst og kultur. Avans er lokalisert i tre byar, Breda, 's-Hertogenbosch, og Tilburg. Universitetet har omkring 30 000 studentar fordelt på 18 institutt og 40 ulike kurs.
's-Hertogenbosch, kjent som Den Bosch, er ein by og kommune i Nederland med ein befolkning på 153 000. Det er hovudstaden i provinsen Nord-Brabant. Byen er heim til ei rekke arrangement, som teaterfestivalen Boulevard og UNICEF Open tennisturnering. Det er over 350 restaurantar, pubar og kafear i byen.
Bustad
I Nederland har det vore store utfordringar knytta til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.avans.nl/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8136
- FagnavnDesign