Nottingham Trent University og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+)
- LandStorbritannia og Nord-Irland
- ByNottingham
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i kunst og design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.
Når i studiet kan eg reise
For bachelorstudentar i kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 4. semester. For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.
Språk
Undervisningsspråket er engelsk. Sjå lærestaden sine heimesider for meir informasjon.
Kva emne kan eg ta
Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Nottingham Trent University, også kalla NTU, er eit offentleg universitet i Nottingham, England. Det vart grunnlagt som eit nytt universitet i 1992, men har røter tilbake til etableringa av Nottingham Government School of Design i 1843. NTU har omlag 34 000 studentar fordelt på fire ulike campus. City campus er det største med omlag 17 000 studentar. Her finn ein mellom anna skulen for juss, business, arkitektur, design og kunst.
Nottingham er ein by i Nottinghamshire i England. Byen har omlag 330 000 innbyggarar, medan det større urbane området, som omfattar mange av byens forstadar, har ei befolkning på omkring 730 000. Byen er omgitt av Sherwood Forest i nord, berømt for den historiske tilknytinga si til legenda om Robin Hood.
Informasjon
- Hjemmesidehttps://www.ntu.ac.uk/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i SøknadswebIkkje søkbar
- FagnavnKunst og design