Hjem
Studentsider
erasmus+

Moholy-Nagy University of Art and Design og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+)

  • LandUngarn
  • ByBudapest
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Moholy-Nagy University of Art and Design, tidlegare det ungarske universitetet for kunst og design, har røter tilbake til 1880. Namnet på universitetet er oppkalla etter den ungarske malaren og fotograf Laszlo Moaholy-Nagy. Universitetet ligg i Budapest i Ungarn, og tilbyr program i kunst, arkitektur og design. Her kan ein velje mellom 21 hovudfag og fleire kurs i til dømes design, objektskaping, tekstildesign og arkitektur. I tillegg er også digital design, animasjon, fotografering, designgrafikk, mediedesign, samt teori, ledelse og pedagogikk fag ein kan ta her.

Budapest er hovudstad i Ungarn og består historisk sett av to byar, Buda og Pest, som ligg på kvar si breidde av Donau. Han har rundt 1,7 millionar innbyggarar og er både ein historisk viktig og særs vakker by. Kostnadsnivået i Budapest er lågt samanlikna med andre europeiske storbyar.

Informasjon