Treng vi forskingsinstitutt når vi har så mange universitet?
Treng vi forskingsinstitutt når universiteta allereie står for 40 prosent av den anvendte forskinga, eller er institutta i ferd med å overta fleire av oppgåvene til universiteta?

Hovedinnhold
Noreg har mange og store forskingsinstitutt. Fleire bidreg til utdanning av ph.d.- kandidatar (Meld.St. 14.2024–2025, Sikker kunnskap i en usikker tid s. 88). Samstundes er universiteta oppdragsorienterte (Meld.St. 14, s. 22). Og, vi er alle forskarar – anten vi arbeider i den eine eller andre sektoren.
Kari Tove Elvbakken, professor emerita ved Institutt for politikk og forvaltning ved UiB, og Vera Schwach, forskar 1 ved Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU), har skrive og redigert boka: Kunnskap og politikk. Forskning, forvaltning og forskningsinstitutter (Fagbokforlaget 2025).
På frukostmøtet drøfter dei arbeidsdelinga mellom universitet og institutt over tid her i landet og i Skandinavia. Ein kan spørje seg om vi treng forskingsinstitutt når universiteta allereie står for 40 prosent av den anvendte forskinga i Noreg. Eller; ser det ut til at institutta er i ferd med å overta fleire av oppgåvene til universiteta
Møteleiar: Tor Halvorsen