Hjem
Aktuelt
Universitetsranking

UiB mest sitert i landet

UiB er det 56. mest siterte universitetet i verda.

QS-stempel
Universitetet i Bergen er det 56. mest siterte universitetet i verden, i følge QS World University Rankings.

Hovedinnhold

Tysdag la QS World Universities fram si liste over dei beste universiteta i verda. Ved hjelp av spesiell metodikk og intervju med akademikarar samanliknar dei  verdas universitet.

QS er den andre i rekkja av dei tre store rankingane kvart år. Shanghai-rankinga vart publisert  i august, og Times Higher Education si rangering kjem i oktober.

I år vert UiB plassert på 155. plass på QS si liste, mot 151. i fjor. Dermed er universitetet mellom dei fire prosenta som er rangert høgast i verda, i følgje QS.  

 

Mest sitert i Noreg

– Vi kjem uendra ut samanlikna med 2013, men gjer det relativt mykje betre på siteringar, seier Dag Rune Olsen, rektor ved UiB.

 I følgje QS er UiB det 56. mest siterte universitetet i verda per fakultet, og det mest siterte i Noreg per fakultet. Siteringar tyder i denne samanhengen ei referanse til ein publikasjon i littertaurlista i ein annan publikasjon.

– Siteringstala våre inneber at forskinga vår har gjennomslagskraft og betyr noko for andre forskarar. Det er eit objektivt mål, og er eit konkret teikn på at forskinga vår er viktig, seier Olsen.

 

Gjennomslag viktigast

Han påpeiker at UiB ikkje scorar like høgt på omdømmemålinga som dei større universiteta. Omdømmedelen av QS sin metodikk tyder mykje for det endelege resultatet, og inneber intervju med arbeidsgjevarar og vitskapleg tilsette.

– Det er ein svært subjektiv kategori. Sjølve substansen i rangeringa er for min del gjennomslaget forskinga har, og her er vi på rett veg, seier rektor.

Han understreker at UiB ikkje kjem til å endra strategiar for å tekkast rankingane.

– Om vi fortset å arbeida med kvalitet vil vi også stiga på rankingar, seier han.