Duft av høgsommar i Rosariet
No frå midten av juni kjem dei fleste av dei historiske rosene i blom. Mange av rosene har spesielt god duft og enkelte sorter blir derfor brukt i parfymeindustrien. Eplerosen dufter i tillegg godt frå bladverket når dette vert litt fuktig.
Først i blom no er dei ulike hardføre sorter av pimpinelleroser- eller trollnype som dei også kallast. Blomane er mindre enn hos dei fleste andre rosene. Trollnype er viltveksande i deler av Sunnhordland, men ganske sjeldan.
I Rosariet veks dei fleste pimpinellerosene i Villrosebakken. Ved gangvegen i den historiske bakken finn du "Red Nelly", ei pimpinellerose med store blomar og kraftig raudfarge. Opphavet til sorten er ukjent. "Red Nelly" er relativt tidleg og blømer frå ca. 10. juni.
Seinare i juni kjem provinsrosen og alle andre sorter av gallica- og centifoliaroser. Også dei står i den historiske bakken.
”Prestegårdsrosene” som mange kjenner frå gamle hagar som fylte, duftene reint kvite og rosa, kjem i blom i slutten av juni.
Dei meir foredla godt fylte duftroser som Austinroser og andre duftene roser i ”duft og farger” - bedet på den moderne flaten, treng endå noko meir sommarvarme for å utvikle seg.
Tusenvis av knopper på Rosa 'Lykkefund' pynter snart portalen inn til dei moderene rosene Foto: Bjørn Moe
Sist endret: 21.6.2009
Nyheter fra Arboretet og Botanisk hage, Milde
- Bergen Museum får nytt navn (29.09.2011)
- Sommerjobb 2012 (07.02.2012)
- Ein riktig juleblom (22.12.2011)
- Heilage kjærleiksplanter oppdaga i Arboretet (07.12.2011)
- Grantrær står for fall (02.12.2011)
Relaterte nyhetssaker
- Fragment fra fortida (01.02.2012)
- UNESCO (20.01.2012)
- "How Big History is Currently Taught": Fred Spier, University of Amsterdam (19.01.2012)
- Heilage kjærleiksplanter oppdaga i Arboretet (07.12.2011)
- En gevirindustri i mellomalderen? (01.12.2011)