Gå til innhold
English A A A
30.04.2010 Nyhet

Søte og duftande blomar i fjellhagen

Når sola endeleg i år varmar opp jord og små fjellplanter, er dei ikkje seine om å opne sine kronblad så insekt kan nå pollen og søt nektar. Allereie no må du vitja Botanisk Hage for å få med deg den tidlegaste bløminga.

Kuleprimul, 'Rubin Auslese' midt i bløminga  mellom steinar i fjellhagen.

Kuleprimula, 'Rubin Auslese' midt i bløminga mellom steinar i fjellhagen. Foto: Alf Helge Søyland

Bie hamstrer pollen på tidleg gul sildretue

Bie hamstrar pollen på tidleg gul sildretue - Saxifraga 'Elisabeth Sinclair' Foto: Alf Helge Søyland

'Papangno' er ei av dei mange Kubjelle-sortene som byrjar å bløme no til 1. mai.

Pulsatilla 'Papangno' er ei av dei mange Kubjelle-sortane som byrjar å bløme no til 1. mai. Foto: Alf Helge Søyland

Bergeniasorten ' Vinterglød' har flotte mørke røde blomer no tidleg på våren.

Bergenia ' Vinterglød' har flotte mørke røde blomer no tidleg på våren. Foto: Alf Helge Søyland

Keiserkrone kjem alltid tidleg opp av jorda med ei karateristisk duft frå sjølve planta. Sorten  Fritillaria 'Michailovskyi' er  låg og kjem med rødlege purpurklokker med gul kant.

Keiserkrone kjem alltid tidleg opp av jorda med ei karateristisk duft frå sjølve planta. Arten Fritillaria michailovskyi er låg og kjem med rødlege purpurklokker med gul kant. Foto: Alf Helge Søyland

Skjermtulipan, Tulipa tarda er ein av dei villige Botaniske tulipaner som ein kvar vår får mykje glede av med dei egggule fargen midt i blomane.

Skjermtulipan, Tulipa tarda er ein av dei villige Botaniske tulipaner som ein kvar vår får mykje glede av med dei egggule fargen midt i blomane. Foto: Alf Helge Søyland

På tross av ein særs kald vinter og sein vår har fjellplantene våre hatt det lunt og tørt under det gode snødekket. Det er jo dette dei helst er vane med, og ikkje vårt fuktige Vestlandsklima.

Ta deg god tid og sjå godt etter for å oppdage dei små ”søte” vårblomane som kjem no fyrst.

Desse vårblomane har ofte livsviktig pollen og nektar å gi til dei fyrste insekta som no må kome i gong med årets yngelkull.

 

Den mest ettertrakta blomen i april var Liten stinkjulerose (Helleborus foetidus), som sjølv om den for oss berre har nikkande lys grøne klokkeblomar, er svært attraktiv for bier. Ein aktiv gjæreprosess aukar temperaturen i blomen og dermed utdunsting av flyktige organiske luktstoff som lokkar til seg insekt. Derfor treng denne arten ikkje så fargerike kronblad som dei andre artane av julerose som er meir vanleg i handelen. 

Denne vintergrøne julerosa frå fjellområda i Sørvest-Europa kjem vanlegvis svært tidleg og står lenge med over 50 cm høge blomsterstandar.

 

Dei meir iaugefallande og fargerike blomane me har er små tuer av sildrer (Saxifraga sp.), kubjeller (Pulsatilla sp.), primula (Primula sp.), blå perleblom (Muscari sp.) og botaniske tulipanar (Tulipa sp.) som kjem for fullt no til 1. mai. Likeeins kjem no fleire arter og sorter av Fritillaria som er ei frapperande gruppe tidlegblømande løkplanter. Desse har me no planta i eit nytt og betre område kring dammen i Fjellhagen.

 

I Japanhagen har plantene stort sett klart den strenge vinteren bra, men me er spent på om dei ulike meir sjeldne bambusartene vil skyte nye skot, då dei er ganske skadd på blad og skot i år. No venter me fyrste bløming på dei japanske kirsebærtrea (Prunus sp.).

Helleborus foetidus med biefest

Bier blir svært tiltrekt av spesiell duft som vert produsert gjærande nektar i denne spesielle "Stink-julerosa" (Helleborus foetidus). Foto: Alf Helge Søyland

Sist endret: 5.5.2010

Nyheter fra Arboretet og Botanisk hage, Milde

Nyhetsarkiv