Hjem
Universitetshagene

Duft av peonar og liljer i Hagen på Milde

Sommaren er her, med duft av vakre peonar og liljer på Solåkeren i Botanisk Hage. I nytteveksthagen står ei flott salatutstilling, og varmen har endeleg fått drive fram rosene i Rosariet.

Dei moderne rosene har no kome i blom. Dee Kennedy hakker i klaserosene....
Dei moderne rosene har no kome i blom. Dee Kennedy hakker i klaserosene. Roseportalene er også no i blom.
Foto/ill.:
Alf Helge Søyland

Hovedinnhold

Ta med deg feriegjestene, eller berre ta dykk ein tur sjølve, for å få oppleve både synet og dufta av alt som kjem i blom no i Juli.

I og ved Solåkeren som ligg rett innanfor parkeringsplassen til Botanisk Hage står hageliljene akkurat no klar for bløming. Peonane står enno med store duftande blomar, og mykje av sommarblomane er allereie kome godt i flor.

 

Tek du turen vidare forbi Fjellhagen og Japanhagen, passerer du forbi ein utstilling av grasplanter som viser den store variasjonen av former og frøstander.

I Nytteveksthagen midt i Botanisk Hage har me i år blant anna utstilling av gamle kornsortar, graskar, erter og ein ny salatutstilling.

 

Duftande roser.

I rosariet som ligg i Naustdalen nedanfor Fana Folkehøgskule, er lufta full av ulike roseduftar, spesielt frå dei ulike historiske rosene som no blømer. Men også nokre av klatrerosene i dei romantiske rosebuene, ved inngongen til dei moderne rosene, duftar godt.

Til roseseminaret som var i byrjinga av juli, vart ein ny flott rosebrosjyre ferdig. Den er å finne i postkasse på rosebuen og i Blondehuskafeen.

 

Vi har no dagopne toalett både i Blondehuset i Arboretet og ved garasjen i Botanisk Hage.