Hjem
Universitetshagene

Busken som ikkje rakk sommaren

No rett før vinteren kom litt overraskande på oss med snø og kulde, oppdaga me flott bløming på ein sjeldan chilensk busk med det vitskaplege namnet Eucryphia glutinosa. Dette er eit tre som me elles må reise til mildare strøk for å finne.

Eucryphia glutinosa med blomeknopp som viser dei karakteristiske raude...
Eucryphia glutinosa med blomeknopp som viser dei karakteristiske raude støvknappane.
Foto/ill.:
Terhi Pousi

Hovedinnhold

Sør i Europa kjem bløminga hos Eucryphia glutinosa vanlegvis i juli-august, men  her hos oss skjedde det altså i oktober. Truleg er den seine våren og kjølege forsommaren årsaka til at den såvidt rakk å bløme innan frosten kom. Me vonar no å få glede av bløminga på desse buskene noko tidlegare, kvart år frametter.

Eucryphia glutinosa er den mest hardføre arten i denne slekta, og ein av dei få som har klart seg på Milde i snart 10 år. Til forskjell frå andre vintergrøne artar og sortar innan slekta, er denne lauvfellande. I heimlandet Chile, får den også fin raud haustfarge.  Kronblada er kvite,  ca 5 cm store,  med  iaugefallande raudlege støvberarar. Sidan busken blømer seint i sesongen, vekker den oppsikt på ei tid med lite bløming elles.

Plantene våre kom som frø i 1999 og vart samla frå eit tre i arboretet i Hørsholm i Danmark, dit dei igjen var komne frå frø samla i University of Washington Arboretum.

Dette utvalet i fleire generasjonar frøplanter har truleg gitt meir hardføre planter som overvintrar bra i Noreg. Ikkje eingong under den siste kalde vinteren fikk den  tilbakefrysing på greinene. Elles i Noreg er nok Eucryphia sjeldan fordi den krev milde vintrar og må stå på ein lun stad.

Ein annan sort, Eucryphia x intermedia som er ein kryssing mellom E. glutinosa og  E. lucida har også klart seg lenge på Milde (i 17 år), men fryser lettare tilbake og har ikkje kome med blom endå. Men i ein lun hage på Os har den blomstra i fleire år og blitt over 4 meter høg.

Begge plantene står i Arboretet i skogen ved administrasjonsbygget i samlinga for sørleg  halvkule.