Hjem
Universitetshagene

Japansk hundetann i jorda

Det er ikkje funn av tenner etter ein hunderase, men derimot tannforma knollar til den sjeldne Erythronium japonicum som no er planta i Japanhagen.

Bodil Oma ordnar til ny utstilling av tulipanar i Solåkeren i Botanisk hage.
Bodil Oma ordnar til ny utstilling av tulipanar i Solåkeren i Botanisk hage.
Foto/ill.:
Alf Helge Søyland

Hovedinnhold

Hundetann, eller Katakuri som er det japanske namnet, vert i Austen nytta til å utvinne ein verdfull stivelse kalla Katakuriko av dei tannliknande knollane.

Desse tidlege og fine vårblomane har me endeleg fått tak i direkte frå Japan, og vert no planta i skogbotnen i Japanhagen. I heimlandet kan hundetann dekke bakken slik som kvitveisen gjer her om våren. Knollane tørker lett ut, så derfor må dei plantast så snart du får tak på dei.

Me har allereie eit par andre arter; blant anna  Erythronium revolutum 'Pagoda' og Erythronium dens-canis i Fjellhagen og Eikebakken, samt i Lynghagen og Miniarboretet i arboretet.

Elles vert det også i år planta ein tulipanutstilling på 34 ulike tulipanar innanfor porten til Botanisk hage, søndre inngang ved Vågeelva. I Fjellhagen set me også ned seks nye arter og  sorter Fritillaria, i tillegg til utstillinga som står der i frå før.

Me har også byrja utviding på av toppen Fjellhagen. Her skal me bygge meir stiar og legge opp masser av fyllitt og andre næringsrike bergarter som fjellvalmue og andre fjellplanter trivst godt i.