Botanisk hage
Universitetet i Bergen (UiB) har bygd botanisk hage på ein del av området som Arboretet disponerer. Området ligg vest for Mildevegen/ Skipanesvegen, med ein storleik på ca. 70 mål. I Botanisk hage er det hovudsakleg urter, og samlingane er delt inn i ulike avdelingar.
Fjellhagen med Yucca filamentosa. I bakgrunnen ligg Tepaviljongen i Japanhagen.
Den 21. august 1996, vart Botanisk hage innvidd, då var utstillingshagen på Solåkeren klar, og den første utstillinga av sommarblomstrar stod på sitt vakraste. Nokre murar var reiste, og smijernsporten var på plass. I tillegg var det blitt opparbeidd ein parkeringsplass og planta litt rundt denne.
Solåkeren har fått ei stor peonutstilling, ei samling kultivarar av slekter i kaprifolfamilien og oljetrefamilien, og ei samling av narsissar. Dessutan viser utstillingshagen ei mengd eittårige sommarblomar.
Fjellhagen vart innvidd i 2001, og Fægris vannvisjon i 2005. I 2007 vart det sett ned eit tuntre ved hovudinngangen som ei start på temahagane som skal kome der. Nytteveksthagen i området over fjellhagen er eit spennande område med gamle og nye nytte-og kulturvekstar.
Japanhagen er ein ny attraksjon i Botanisk hage, bygd i perioden 2005-2008.
Førebels er det gjort mest arbeid i sør mot Mildevatnet. I nord er det blitt planta ein del tre og buskar, og innafor hovudinngangen er det ei samling med tulipankultivarar.
-
Mildevatnets Naturhistorie
Avdøde professor Knut Fægri hadde en visjon om at Botanisk hage skulle ta i bruk Mildevatnet til å demonstrere livet i ferskvann, med plankton, insekter, fisk, fugl og ikke minst planter. Visjonen er nå blitt virkelighet, med god hjelp fra familien Fægri.
-
Nytteveksthagen
Planter som er eller har vore i bruk til mat og medisin er samla i ein avdeling for nyttevekstar.
-
Fjellhagen
Fjellhagar blir bygt for å likne naturlege fjellmiljø og for å bringe fjellet og den mangfaldige fjellfloraen inn i hagen.
-
Japanhagen
Japanhagen er ein ny attraksjon i Botanisk hage på Milde. Den vart innvia 20. mai 2008, og inneheld element frå japansk hagetradisjon, slik som bruer, lykter, grushage, mosehage og tepaviljong. Mange japanske planter trivst godt i norsk klima.
-
Japanske sitjebord
I Japanhagen står det no to "sitjebord" som med fyrste augekast ser ut som låge bord utan benker attåt. Meininga med desse er at du skal kunne sitja på desse "borda" med utsyn i ulike retningar i hagen. Eit sitjebord står på Meditasjonshøgda og eit nytt står no på toppen av steinknausen på sørsida av Vågelva.
-
Sommarblomstutstilling
Sommarblomstrane i Botanisk hage er ein stor attraksjon for mange. Dei pryder området med sine mange vakre blomar i stort fargespekter.