Hjem

Italiensk

Korleis har arven frå den italienske renessansen sett sitt preg på den europeiske kulturen? Ønsker du å forstå meir om bakgrunnen for den politiske situasjonen i Italia slik han er i dag? Har du lyst til å kunne lese Machiavelli og Dante på originalspråket?




Fagkoordinator:  Reidar Veland
Studiekonsulent: Mikkel Ekeland Paulsen
Eksamenskonsulent: Hanne Svanholm Misje

Italia er humanismens vogge. Landet har alltid stått sentralt i Europa si politiske, religiøse og kulturelle historie. Italia er landet som har flest stadnamn i verda på UNESCO si kulturarvliste, og landet har gjennom fleire hundreår vore ei stormakt innan kunst og kultur.

Italienskstudiet gir varierte innfallsvinklar, men også rom for fordjuping i det du synest er mest interessant. Du kan få solid dugleik i det italienske språket, og ein grundig kulturhistorisk ballast gjennom studiet av eldre og nyare litteratur. Italiensk kan vere relevant for arbeid både i offentleg og privat sektor der det internasjonaliserte samfunnet stiller store krav til språk- og kulturkunnskapar.

Bachelorprogram i italiensk                   Masterprogram i italiensk                              Ph.d. i italiensk

Ph.D.-portrett

Sinisgallis liv og lære

Erika Wolfs avhandling tar for seg siste del av ingeniørdikteren og multikunstneren Leonardo Sinisgallis poesi i lys av barokke kjennetegn og egen poetikk.

Yrkesvegar

Lærte «napolitansk» som vaskehjelp - vann omsetjarpris 30 år seinare

Kristin Sørsdal vann i 2016 både Målprisen og Kritikarprisen for omsetjingane sine frå italiensk til nynorsk. Mest kjend er ho nok for å ha omsett Elena Ferrantes «Napoli-kvartetten», men ho har òg omsett andre italienske forfattarar, samt gjeve ut eigne bøker.

Visste du at ...

Humanismen er ei italiensk oppfinning frå det fjortande hundreåret. I dag er humanismen inkludert som verdigrunnlag i både den norske grunnlova og i den norske skolen sin formålsparagraf.