Hjem
Senter for farmasi

Tove Ragna Reksten har disputert!

Ho er den første farmasøyten uteksaminert frå farmasistudiet i Bergen som fullfører ein doktorgrad, og det mindre enn 10 år etter at studiet starta.

Hovedinnhold

Tove Ragna Reksten disputerte 21. desember 2012 med avhandlinga "Serologic and phenotypic variances in primary Sjögren's syndrome: Disease heterogeneity or distinct phenotypes?". Førsteopponenten, Professor Jacques-Eric Gottenberg, karakteriserte avhandlinga som høg-kvalitetsforsking som er heilt naudsynt for å betre behandlinga av Sjögrens syndrom.

Sjögrens syndrom er ein autoimmun, reumatisk sjukdom som i hovudsak rammar middelaldrande kvinner. Sjukdommen fører blant anna til tørre slimhinner, spesielt i munn og auger. Andre symptom, som trøyttleik, muskel- og leddsmerter, kan òg vere tilstades. Opplevinga og intensiteten av symptoma varierer mellom ulike subgrupper av pasientane. I arbeidet sitt ønskja Tove Ragna å undersøke kva desse skilnadane kunne skuldast, slik at ein i framtida kan tilby betre og meir tilpassa behandling til desse pasientane.

Ved å sjå på pasientar med ulike vevsstrukturar i spyttkjertlane, fann ho at dei som hadde kimsenterdanning (samling av ein type immunceller, enkelt forklart), hadde ulik sjukdomspresentasjon frå dei som ikkje hadde det. Dette kunne blant anna forklarast av variasjonar i somme gener. Forskinga hennar gjev dermed støtte til hypotesen om at pasientar med Sjögrens syndrom ikkje er like, og dermed blir ikkje behandlinga lik heller. Forskinga legg grunnlaget for vidare utforsking av denne gåtefulle sjukdommen.

I tillegg til å vere den første av farmasistudentane frå Bergen som disputerer, er ho også den siste til å disputere frå Gades institutt, sidan fakultetet får ny struktur frå 1. januar 2013. Ho har hatt Karl Brokstad, Gades institutt, som hovudrettleiar og Malin V. Jonsson, Institutt for indremedisin, som birettleiar. Under eit forskingsopphald i Uppsala, var ho òg under rettleiing av Gunnel Nordmark ved Uppsala Universitet.

Vi gratulerer!