Hjem

Ansattsider

Lærlingløftet

UiB er beste statlege lærebedrift 2017

Fekk pris av kommunaldepartementet for satsing på lærlingordninga.

laerling-uib-1.jpg

UiB heidra lærlingane sine i universitetets styrerom 11. desember
Lærlingane ved UiB vart heidra den 14. desember, med pris frå Kommunal- og moderningseringsdepartementet.

I konkurranse med Kriminalomsorgsdirektoratet og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) har Universitetet i Bergen vunne pris for beste statlege lærebedrift 2017.

– Alle faga er viktige for det UiB er. Vi er mange som er her for å feire i dag, sa prorektor Margareth Hagen og ynskte velkomen til prisutdelinga den 14. desember.

– Vi har også noko å lære av UiB, her har det blitt teke ansvar på toppnivå. No er vårt mål å bli betre enn dykk, sa statssekretær Kristin Holm Jensen, som overrakte prisen på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD)

I grunngjevinga seier dei at det er fire hovudgrunnar til at UiB går av med prisen:

  • Ei firedobling i antal lærlingar i løpet av to år
  • Forankring av lærlingarbeidet i overordna strategiplanar og ein eigen handlingsplan
  • Solid arbeid med å informere eksterne aktørar, blant anna ei eiga nettside og opplæringshandbok for lærlingar
  • Rekruttert lærlingar i fleire typar lærefag

På tvers av heile organisasjonen

UiB fekk for fire år sidan kritikk for manglande oppfølgjing av Lærlingløftet, men har sidan det arbeidd systematisk på tvers av heile organisasjonen for å styrke ordninga.

– HR-avdelinga ved Lise Gundersen fekk etter kvart i oppdrag å arbeide for å bedre opplegget for lærlinger samt å tilrettelegge for økt opptak av lærlinger ved UiB. Det å få ein slik pris bekrefter at vi tek vårt samfunnsansvar på alvor, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm

– Det er mange å takke for denne innsatsen, og vi skal markere dette på ein god og positiv måte.

Ved sidan av det faglege er det også ei satsing på det sosiale, med jamnlege møter mellom lærlingane på tvers av fagsamansetjinga. For tida er det 35 lærlingar hjå UiB, fordelt på kontor- og administrasjonsfag, IKT-servicefag, laboratoriefag, byggdrifterfag, fjernstyrte undervannsoperasjoner og mediegrafikarfaget.

– Utviklar ferdigheiter som er relevante

På Klinisk institutt 2 er Nebeyaet Gebreselase lærling i laboratoriefag, ved Kjernefasilitet for metabolomikk:

– Eg har lært så mykje her. Oppfølgjing og opplæring går veldig bra, eg får nye utfordringar og utviklar ferdigheiter som er relevante, og eg har fått eit nytt perspektiv på forskning og metodeutvikling.

– Det er veldig kjekt, og ei bekrefting på at me har gjort noko riktig når me har teke lærlingløftet på alvor. Arbeidet med lærlingar er ekstra gjevande, seier Grete Birkenes, seniorkonsulent ved HR-avdelinga.