Hjem
Kommunikasjonsavdelingen

Levde med ørn

Når havørna fortel godnatthistoriar til ungane i reiret om kvelden, er det kanskje ørneforkjempar Johan Willgohs dei får høyre om.

MERKAR HUBRO: Johan Fr. Willgohs og sonen Dag merkar hubro på
Vestlansdkysten.
MERKAR HUBRO: Johan Fr. Willgohs og sonen Dag merkar hubro på Vestlansdkysten.
Foto/ill.:
Privat

Hovedinnhold

Tekst: Kjerstin Gjengedal
Publisert: 25.05.2010

Ein måtte sjå nøye etter om ein ville finne zoologen Johan F. Willgohs (1915-1991) når han låg ute og speida etter havørn om somrane på femti- og sekstitalet. Skjula han bygde seg langs vestlandskysten var så godt kamuflerte at han vart lurt sjølv. Ein gong kom han attende til ein plass der han var sikker på at han hadde eit skjul liggande, men han fann det ikkje før han trakka gjennom taket. Om havørna let seg narre, skal ikkje vere sagt. Kanskje skjøna ho at mannen som kom tilbake kvart år for å kike på reiret hennar, var den mest lojale våpendragaren ho hadde.

Motstand mot havørn

– I dag ville vi kalla han ein lobbyist. Han var oppteken av naturvern og var tidleg ute med eit framlegg til styresmaktene om å frede ørnene. Den gongen var ikkje naturforvaltninga veletablert som i dag, og private initiativ hadde mykje å seie, fortel Ingvar Byrkjedal, som er etterfølgjaren til Willgohs i stillinga ved Bergen Museum.

Det trongst, for ørnefredning var ikkje sjølvsagt. Kvar gong havørna prøvde å få ein fot innanfor på sørsida av Sognefjorden, som var sørgrensa for utbreiinga, vart ho utsett for jakt og reirplyndring. Lokale storheiter skreiv lesarinnlegg i vestlandsavisene og agiterte kraftig mot alt med krumt nebb.

– Det var ei heilt anna haldning enn i dag. No verkar det som folk flest tykkjer det er storarta med ørn. Willgohs skreiv lesarinnlegg sjølv og, han, og jobba både mot allmennheita og styresmaktene, seier Gunnar Langhelle ved Bergen Museum. Han var ein periode assistent for Willgohs og var med han på mange ørnetokt.

Ørnetokt langs kysten

Å reise på ørnespeiding med Willgohs var ikkje noko latmannsliv. Han brukte sin eigen båt, og visste nøyaktig korleis han ville ha det.

– Tokta starta gjerne med å pakke båten kvelden før. Då var eg handlangar, medan han pakka i alle hol og krokar. Alt vart vekke, og han var den einaste som kunne finne det att. Når vi så la ut, var båten definert som stove, så der skulle ein på med tøflar. Han ville ikkje ha ombord rusk og skit utanfrå.

Oppvasken besto av ein plastpose kvar, som inneheldt tallerk, bestikk og kopp. Etter måltidet vart tallerken tørka godt med papir og lagt tilbake i posen, klar til neste måltid. I lag med assistenten kunne Willgohs overvinne den medfødde sjenansen som ofte hemma han i lag med framande, og den lune humoren hans kom til sin rett.

– Ørnesesongen starta gjerne rundt påsketider. Vi reiste rundt med båten til vi fann ein høveleg plass å gå i land. Willgohs hadde nokre reinskinn som vi brukte til å ligge på medan vi observerte ørnene. Ein gong stakk vi innom slaktehuset i Sandviken og fekk med oss ein gris som ikkje hadde passert matkontrollen. Den la vi ut som ørneåte oppover kysten, og så observerte vi åtferda til ørnene ved åtet, minnest Langhelle.

Ørna kan telje til tre

Også familien fekk sin del av ørnespeiding.

– Eg trur at eg må ha vore to år første gong eg låg oppi eit havørnreir, seier sonen Jahn Erik Willgohs.

Kvar sommar var familien med ivrige Johan på ringmerking av havørn og hubro. Dei var gjerne på sjøen ei veke og budde i båten.

– Eg hugsar særleg ei stor havørn på øya Ospa i Ytre Solund. Det var eit eldre ørnepar som budde saman. Hoa var ei moden kvinne, nesten kvit i drakta. Kvart år drog den kjensel på båten til pappa. Når den såg at vi kom, kunne vi sjå på lang avstand at den letta og kom flygande mot oss. Alle dei andre båtane som passerte lea den ikkje på ein augnelok for, fortel Jahn Erik Willgohs.

Av faren lærte han også noko om ørnas tilhøve til matematikk. Ei ørn kan telje til tre. Dette nytta Johan Willgohs seg av. Om fire personar gjekk inn i eit telt, og tre av dei gjekk ut att, medan den fjerde vart att for å kikke på ørna, ville ørna tru at teltet var tomt. Tre var så langt som den kunne telje.

Et ikkje husdyr

Alle dagane og nettene i kalde og våte telt langs kysten sette sine spor på kroppen, og det hende ein sjeldan gong at han klaga seg over gikta etter som åra gjekk. Men speidinga gav resultat. Då Willgohs fekk publisert doktorgraden sin i 1963, vart det grundig dokumentert at havørna ikkje var nokon fare for småfeet. Det var fisk og sjøfugl som sto på menyen.

– Han noterte alt om ørnene, forekomstar, hekkeplassar, ernæring. Han registrerte tusenvis av byttedyr i reira, fann beinrestar og identifiserte dei, og eg trur ikkje han fann eit einaste husdyr. Det var ein studie i tidas ånd, eit grundig, deskriptivt arbeid utan dei markerte hypotesane som gjerne er grunnlag for eit slikt arbeid i dag. Til gjengjeld har ein god deskriptiv studie lang levetid, og Willgohs sine arbeid står seg framleis godt som bakgrunnsinformasjon, seier Byrkjedal.

Doktorgradsarbeidet om havørn vart publisert på engelsk, og fekk dermed rimeleg god spreiing. Og det er framleis aktuelt: Studien er kjeldemateriale i Handbook of the birds of the world, det første verket som vil dekke alle fuglar i verda når det sekstande og siste bindet kjem ut i 2011.

Avspora av krigen

Willgohs starta med å studere forplantningsbiologien hos trasten, men vart avspora av krigen. Då var han aktiv i motstandsrørsla

– Han og dreiv, såvidt eg veit, arbeid i illegale aviser. Så vart han arrestert og sendt til Espeland, og seinare Grini, fortel Langhelle.

– Sidan han var utdanna, vart han ikkje sett til slavearbeid, men måtte gjere reint på kontora til tyskarane. Willgohs fortalde at når det var tomt der, brukte han å stå vakt medan andre fangar nytta høvet til å lytte på London på tyskarane sin radio.

Først etter krigen kunne arbeidet med hovudfaget takast opp att. Då avanserte Willgohs gradvis, frå trast til sjøfugl, før han fekk interesse for ørn – og for hubro.

Tid for hubro

– Mange veit ikkje at det finst ein bestand av hubro i skjergarden langs kysten, ein tenker som regel på hubro som ein innlandsfugl, ei mystisk kjempe som held seg i dei djupe skogane. Willgohs kom nok borti ei og anna hubro på havørnturane, og så byrja han studere dei meir systematisk. Han samanlikna mellom anna dietten til kysthubroen med dietten til innlandshubroen, og fann store skilnader, seier Byrkjedal.

Det viste seg at kysthubro, som havørn, et store mengder sjøfugl, medan innlandshubroen rimeleg nok et meir smågnagarar og mindre pattedyr. Willgohs oppdaga også at hubroen er ein svært fleksibel jeger.

– Ein gong såg han ein hubro som landa i eit havørnreir og forsynte seg med ein nesten flygedyktig unge. Han hadde eit triks med å kappe hovudet av byttet med ei kjapp rørsle med nebbet. Så tok han ungen heim og fòra han til sine eigne ungar.

I 1968 vart havørna freda. I dag er havørna fjerna frå den norske raudlista, og er å finne langs heile kysten.

– Det artige er at når havørna reetablerer seg, så oppsøker ho gjerne dei same reirplassane som vart brukte av havørn hundre år tidlegare, fortel Langhelle.

Kanskje ventar ho framleis på at Johan Willgohs skal kome tøffande med båten sin for å helse på.