Hjem

Institutt for fremmedspråk

Forsking

Historia om ish

Språkpartikkelen som ingen kunne målbinde.

isj1_-_copy.jpg

ish
Ikkje berre eit avleiingsaffiks.

"You must try to remember that some people are normal. Ish". 

Ish er ein attpåklatt, ein rundbrennar og ein lovbrytar. Ein har kanskje høyrt nokon seie, sjølv på norsk, at ein er ish tretti år gamal, eller at eit fjernsynsprogram var litt Nytt på Nytt-ish. Det er ikkje så lenge sida denne språkpartikkelen tok turen over havet frå det engelske språket. I engelsk har ein likevel hatt ish lenge, utan at me nordmenn har sett oss nøydde til å låne han før no. Men kva er det eigentleg ish opphaveleg vart brukt til? Og kva er det som gjer at han plutseleg no dukkar opp overalt? 

I byrjinga 

Ish var ein gong i tida berre eit heilt ordinært avleiingsaffiks i det engelske språket. I gamalengelsk hadde det for det meste ei funksjon, nemleg å skape adjektiv av stadnamn og dermed tilhøyrarar av stader. Til dømes fekk ein folk og ting med eigenskapen «engl-ish», av namnet på folkegruppa engle ‘anglarar’. Så gjekk det hundrevis av år, og ish fortsette stort sett å vere det same, eit ordinært avleiingsaffiks. Det er i det heile ikkje spesielt interessant å snakke om kva som hende med  ish i desse åra, for det som hende var saktegåande og mykje mindre oppsiktsvekkande enn det som skulle skje seinare. Men så, i det tjuande hundreåret, hadde ish fått nok av å vere eit anonymt lite avleiingsaffiks. Då byrja det drøyme om sjølvstende frå sine røter, no skulle det verte sitt eige ord med eiga oppføring i ordboka.

Mellom anna lingvistane Dagmar Haumann, Kari Haugland og Mattias Eitelmann har no oppdaga dei lumske planane til ish. Dei har difor byrja undersøkje kva for framgang ish har hatt i det engelske språket gjennom tidene.

Klenger seg til nesten alt

Noko ein kan seie om dei fleste avleiingsaffiks er at dei er kresne. Dei vil ikkje stille seg attmed kva som helst. Dei er i det heile tatt ganske monogame – dei finn maken sin og vert verande med hen. Til dømes finst det avleiingsaffiks som berre vil henge seg på romanske røter, og nokre som berre vil henge seg på særskilde ordklasser som til dømes substantiv. Ish er på si side polygamt som få og ser i seinare tid ut til å ville henge seg på kva som helst. Til dømes kan ein finne det saman med røter av romansk opphav som i brutish eller noirish (som i film noir), det kan henge med germanarar som i dullish eller sheepish, innvandrarar frå Hellas som i devillish, eller til og med saman med røter av arameisk opphav i til dømes phariseish.

Men det er ikkje berre i etymologien at ish er raus og liberal: også i mellom dei forskjellige ordklassene finn me at ish tek avstand frå diskriminering. Der finn me det til dømes attmed substantiv: apish, adjektiv: queerish, egennavn: Steely Dan-ish, adverb: uppish og tallord: thirtyish. Det dukkar til og med opp åleine på slutten av ei heil frase: That’s what I meant to say... ish.  

Kva tyder eigentleg ish?

Om ikkje ordklasser eller etymologi kan stanse utbreiinga til ish kan det i alle høve verte avgrensa av tydinga. I forskinga om ish reknar ein som regel med at ish grovt sett har tre hovudtydingar. Den fyrste er den tradisjonelle tydinga, der rota av eit stadnamn pluss ish er lik ein nasjonalitet, til dømes spanish eller swedish. Neste tyding har større utbreiing i dagens engelsk, den relasjonelle eller assosiative tydinga til ish, til dømes sheepish som tyder «som ein sau» eller «saueliknande». Den tredje bruken av ish, som kanskje er den som spreier seg raskast for tida, er den med ei approksimativ tyding, «noko i nærleiken av». Til dømes finn ein denne tydinga i konstellasjonar som roundish eller thirtyish, og det er og med denne tydinga at ish aspirerer til å verte eit sjølvstendig ord som ikkje treng å støtte seg på noko for å halde seg oppreist.

I dei aller fleste språk i verda har ein det som vert kalla funksjonsord og innhaldsord, og sjølvsagt nokre ord som ligg ein plass i mellom dei to kategoriane som er litt av begge delar. Døme på innhaldsord er "grevling", "Fyllingsdalen", "bable" og "tarveleg". Desse orda nyttar ein, litt grovt sagt, til å skildre verda ikring oss. Funksjonsord, på si side, er ord som til dømes "at", "som", hjelpeverbet "å ha" og "og". Desse nyttar me, litt grovt sett, til å uttrykkje noko grammatisk, noko me treng for å sy innhaldsorda saman til ei setning.

Gjennom språkhistoria har ein sett mange døme på at ord som tidlegare var reine innhaldsord anten har fått ein funksjonstvilling eller har vorte fullstendig omdisponert til funksjonsfeltet. Ein ting som vert hevda av fleire forskarar er at denne gata er einvegskjørt. Innhaldsorda som forsvinn over til funksjonsfeltet kjem aldri attende, ei heller vert dei utveksla med funksjonsord, for funksjonsord kan ikkje skifte beite. Likevel er det nett dette det kan sjå ut som ish gjer. I sitt opphavelege habitat "english" og "swedish", er han utelukkande ein funksjonell partikkel. I moderne bruksmønster derimot,  slik som "You must try to remember that some people are normal. Ish", har han mot alle odds kava seg mykje nærmare porten til innhaldsriket. Som kjerringa mot straumen har ish no stukke seg fram som noko heilt spesielt i språket. 

Ein får berre vente og sjå kva ish finn på neste gong.