Gå til innhold
English A A A

Stipendiatar


Arbeidsperioden for stipendiatar

Stipendiatar ved Det humanistiske fakultetet får vanlegvis tilbod om eit fjerdeår (arbbeidsperiode) i tillegg til den treårige utdanningsdelen av stillinga. Størstedelen av denne arbeidsperioden er normalt sett av til undervisningsoppgåver, men andre gjeremål er òg aktuelle, slik som redigering av tidsskrift, planlegging av konferansar og forskingsformidling.

Når stipendiaten får tilbod om tilsetjing, tek instituttet kontakt for å avklara spørsmålet om arbeidsperiode. Det skal setjast opp ein arbeidsplan med opplysningar om oppgåver, tidsbruk og kva for semester dei ulike oppgåvene er lagde til. Planen tek utgangspunkt i retningslinene fakultetsstyret vedtok i juni 2011. Forskingskonsulent Jan A. Johansen set opp denne arbeidsplanen i samråd med stipendiat, rettleiar og fagkoordinator. Arbeidsplanen skal òg godkjennast av instituttleiinga, og deretter sendast over til fakultetet.

 

Disputasar, økonomisk støtte til doktoranden

Instituttet kan gje følgjande støtte til utgifter doktoranden har i samband med disputasen:

  1. Støtte til trykking av inntil 25 eksemplar av avhandlinga (inkludert eksemplara ein pliktar å levera inn). Det er viktig at stipendiaten følgjer gjeldande retningsliner for opptrykk av avhandlinga.
  2. Inntil 3000 kroner i støtte til doktormiddag eller tilsvarande arrangement i regi av doktoranden. Pengane blir utbetalte når doktoranden har sendt inn personfaktura med kvittering (Sjå husregelen om "Refusjon av utlegg" under "Innkjøp").

 

Disputasar

Avhandling i 5 eksemplar pluss søknad om å få vurdert denne, skjema for godkjenning av opplæringsdel m.m. skal leverast på fakultetet.

Tema for prøveforelesing skal meldast kandidaten 14 dagar (10 virkedagar) før prøveforelesinga skal gå føre seg (vanlegvis torsdagar).

Dei tilreisande kommisjonsmedlemane får overnatting i 2 døgn (vanlegvis frå torsdag til laurdag). Viss prøveforelesinga og disputasen må leggjast på andre vekedagar, blir det gitt tilsvarande innlosjeringstid. Om det av særskilde grunnar er naudsynt med 3 overnattingar, må dette takast opp med administrasjonssjefen ved instituttet på førehand.

Spørsmål om dei praktiske sidene  ved prosessen  frå innlevering til disputas kan stillast til Jan A. Johansen (tlf. 55589378)

 

Driftsmidlar

Stipendiatar ved IF får kvart år 24.000 kroner i driftsmidlar når dei har treårig stipendperiode, og 18.000 kroner årleg dersom stipendet strekkjer seg over fire år.

Desse midlane kan dekka ulike driftsutgifter knytte til arbeidet med avhandlinga. Dei konkrete føremåla kan variera, t.d. faglege reiser, konferanseavgift, innkjøp av bøker, innkjøp av ekstra it-utstyr eller programvare, kursavgifter. Vanleg rekvisita blir derimot stilt til disposisjon av instituttet og skal ikkje belastast driftsmidlane til stipendiaten (skriveutstyr, papir, permar, minnepinnar, osb).

Driftsmidlane kan òg brukast til språkvask av avhandlinga dersom stipendiaten ønskjer det, eller til opptrykk av fleire avhandlingseksemplar enn dei 25 instituttet dekkjer. Resterande driftsmidlar kan likevel ikkje brukast til ”doktormiddag” eller tilsvarande markering ved disputas.

Driftsmidlane blir overførte frå år til år. Når stipendperioden er gått ut, kan doktoranden framleis få bruka av resterande driftsmidlar til relevante føremål i eit par semester. Dette må i så fall klarerast med instituttet. Etter at det er gått eit par semester, må doktoranden rekna med at ubrukte midlar vert inndregne.

Dei som har spørsmål om bruken av driftsmidlar, kan ta kontakt med administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug.

 

Ferieavvikling og avslutning av stipendperiode

Stipendiatar kan ta ut opptent ferie med løn, og eventuelt ferie utan løn, etter vanlege reglar. Det same gjeld òg for overføring av ubrukt ferie til neste år og "lån" av feriedagar frå neste år.

Ferieavviklinga i det siste tilsetjingsåret reiser nokre særskilte spørsmål for stipendiatar. På den eine sida har stipendiatane ei ganske fri stilling når det gjeld å halda oversyn med og organisera eiga arbeidstid. Samstundes vil mange oppleva at det er vanskeleg å ta ut ferie dei siste månadene av arbeidet med avhandlinga. Dette reiser spørsmålet om når instituttet skal forventa at stipediaten har teke ut opptent ferie, og når stipendiaten kan få utbetalt sluttoppgjer for ferie som ikkje er avvikla.

Instituttet har lagt spørsmålet om ferieavvikling i sisteåret fram for fakultetet, og følgjande praksis vert følgd frå og med 2011:

(1) Det er sjølvsagt fullt mogleg å ta ut ferie tidleg i året. Men instituttet kan ikkje krevja at stipendiatar som sluttar før 30. juni, skal avvikla ferie. Derimot må dei som sluttar etter 31. juli ha avvikla minst tre veker. Dei som sluttar etter 1. oktober, må ha avvikla til saman minst fire veker. Og dei som sluttar etter 16. november, må ha avvikla til saman minst fem veker.

(2) Det er i prinsippet mogleg å søkja om overføring av ikkje-avvikla ferie også til siste tilsetjingsåret. I praksis er dette likevel ikkje så naturleg for stipendiatar, sidan det siste året ofte er ekstra travelt. Skulle nokon likevel ønskja å overføra ferieveker til siste tilsetjingsår, må dei søkja instituttet ved Kristin Skogedal om dette. For at instituttet skal innvilga søknaden, må stipendiaten godgjera at ho eller han faktisk kjem til å ta ut den overførte ferien i tillegg til ordinær ferie.

Spørsmål om ferie kan takast opp med administrasjonskonsulent Kristin Skogedal.

 

Funding of doctoral fellows on the quota scheme

The department has made an overview of funding of doctoral fellows on the quota scheme at the Department of Foreign Languages. We also encourage doctoral fellows on the quota scheme to get in touch with the Division of Academic Affairs at the University of Bergen for more detailed information about financial support.

 

Instituttstøtte til lengre utanlandsopphald

Fakultetet har tidlegare lyst ut støtte til lengre utanlandsopphald for phd-kandidatar og postdoktorar. Søknadsfristen har vore 1. desember. Frå og med 2011 er denne ordninga ført over frå fakultetet til institutta. Det tyder at søknadene om slike midlar i 2011 skal leverast til instituttet ved forskingskonsulent Jan A. Johansen.

SØKNADSFRISTEN FOR STØTTE I 2012 ER 1. DESEMBER 2011.

Støtta gjeld først og fremst for opphald som strekkjer seg over minst tre månader. Støtta skal dekkja etablerings- og meirutgifter ved forskingsopphald i utlandet og reiseutgifter på rimelegaste måte. Stipendiatar busette i utlandet får ikkje reisestøtte.

Det vert lagt til grunn at ordinære driftsmidlar blir nytta til kortare reiser, seminar o.a. Dei som får særskilt instituttstøtte til lengre utanlandsopphald må rekna med å supplera med vanlege driftsmidlar. 

Instituttet legg til grunn at NFR-stipendiatar har søkt om dekning av utanlandsopphald i prosjektsøknaden til NFR. Søkjarar i eit postdoktor-engasjement må først søkja NFR om reise- og opphaldsstøtte.

Vi minner òg om at det kan søkjast Meltzerfondet om støtte til lengre utanlandsopphald for stipendiatar (frist 1. desember). Instituttet legg til grunn at stipendiatar som søkjer IF om støtte til utanlandsopphald, òg søkjer Meltzerfondet til same opphaldet. Støtta frå instituttet fell bort dersom stipendiaten får støtte frå Meltzerfondet eller andre instansar til same føremålet.

Søkjarar skal fylla ut eit eige søknadsskjema. Desse dokumenta skal leverast saman med søknadsskjemaet:

- invitasjon frå lærestaden eller institusjonen
- attestasjon frå rettleiaren

Dei som har spørsmål om ordninga, kan ta kontakt med Jan A. Johansen.

 

It-utstyr

Fakultetet betalar datamaskin til nye stipendiatar, og stipendiaten kan sjølv velja anten pc eller mac.


Instituttet rår til at dei som vel pc, kjøper ei dokkingmaskin. Dermed får ein ved hjelp av éi maskin (pluss dokkinglist, ekstra tastatur og skjerm) dekka behovet for både stasjonær og berbar maskin. Alternativt kan ein velja anten ei stasjonær maskin eller ei berbar maskin. Mac-brukarar kan velja anten stasjonær eller berbar maskin. Dei som treng to maskiner – dvs både berbar og stasjonær – må dekkja utgiftene til den berbare frå eigne driftsmidlar.


Utstyret som blir kjøpt inn, er UiB sin eigedom. Dette gjeld òg når utstyret er finansiert av driftsmidlane til stipendiaten.


Stipendiatar som ønskjer å overta it-utstyr (berbar datmaskin, nettbrett el.a.) etter at stipendperioden er over, kan ta kontakt med administrasjonssjefen ved instituttet. Dersom instituttet ikkje treng utstyret, kan stipendiaten få kjøpa det. I så fall er prisane desse:


-    Utstyr under 2 år blir selt til femti prosent av innkjøpsprisen
-    Utstyr som er mellom 2 og 4 år gamalt, blir selt til 30 prosent av innkjøpsprisen
-    Utstyr eldre enn 4 år kan overtakast gratis


Berbare pc-ar må avinstallerast og installerast på ny når dei går ut av UiB-systemet, elles vil dei etter kvart slutta å fungera stabilt. Dette må den som tek over maskina, sjølv syta for.

 

Møtegodtgjersle for doktorgrads-studentar

Doktorgradsstudentar utan arbeidsår ("pliktår"/"fjerdeår") får møtegodtgjersle for deltaking i instituttrådet, undervisningsutvalet (UUI) og forskingsutvalet ved instituttet. Dessutan betalar instituttet ut honorar til doktorgradsstudentar utan arbeidsår som er medlemar av fakultetsstyret.

Honoraret skal dekka både den faktiske møtetida og tida til førebuing. Dette kan ordnast på ein av følgjande to måtar:

1. Doktorgradsstudenten leverer inn ei liste som spesifiserer kor mange timar kvart møte har vart. Timetalet blir gonga med 2 for å gje utteljing for førebuingstida.

2. Doktorgradsstudenten leverer inn ei liste som berre viser datoane på møta. Instituttet legg då til grunn at kvart møte gjennomsnittleg varer i 1.5 time og gonger med 2 for å gje utteljing for førebuingstida.

Møtegodtgjersla blir betalt ut mot innlevert honorarkrav, og doktorgradsstudentar vert lønna i sitt vanlege lønnssteg. Kandidatane har sjølve ansvaret for å senda honorarkrav til instituttet ved administrasjonskonsulent Anne Hestnes.

Kandidatar utan arbeidsår kan i tillegg ha krav på honorar for deltaking i andre utval og komitear ved institutt, fakultet og universitet. Kandidatane har sjølve ansvaret for å kontakta instituttet ved administrasjonssjefen for å undersøkja dette nærare.

 

Språkvask av doktoravhandlingar

Instituttet har fått spørsmål om språkvask av doktoravhandlingar. Dersom stipendiaten sjølv ønskjer det, kan han bruka av eigne driftsmidlar til å betala for språkvask. Instituttet gjev ikkje ekstra støtte til dette føremålet.

Det stiller seg litt annleis ved publisering av avhandlinga eller delar av avhandlinga. I slike tilfelle kan ein søkja fakultetet om støtte.

 

Stipendperiode, forlenging etter sjukmeldingar

Alt gyldig fråvær gjev rett til tilsvarande forlenging av stipendperioden, også enkeltdagar eller kortare periodar med gyldig, dokumentert fråvær. Dette fråværet må dokumenterast med sjukmelding frå lege, eigenmelding eller innvilga permisjon. Mot slutten av stipendperioden (ev. semester/år) kan ein senda søknad til fakultetet om forlenging tilsvarande oppsamla gyldig fråvær. Stipendiaten må sjølv halda oversikt over dagane.

 

Utteljing for deltaking i STIP-HF

Fakultetet har etablert ei eiga ordning som gjev utteljing for deltaking i det stipendiatinitierte utvalet STIP-HF. Deltaking i utvalet går inn i den administrative delen av pliktarbeidet for dei som har fireårig tilsetjing som stipendiat. Dei som derimot har treårig stipend, får forlenga tilsetjingsperioden tilsvarande timane dei brukar på STIP-HF. Dette går ikkje automatisk, og stipendiaten må derfor sjølv senda søknad til fakultetet om forlenging. I særskilte tilfelle og for kandidatar med ekstern arbeidsgjevar vil ein kunna betala honorar for deltakinga i STIP-HF.

 

 

Sist endret: 14.2.2012

Last ned filer