Hjem
Griegakademiet – Institutt for musikk
Arne Bjørndals Samling

Arne Bjørndals Samling - folkemusikksamling

Arne Bjørndals samling er folkemusikksamlinga ved Universitetet i Bergen. Samlinga har fått navn etter spelemannen, songaren og innsamlaren Arne Bjørndal frå Nordhordland (1882-1965). Formålet med samlinga er innsamling, arkivering / bevaring, forsking og formidling. Vestnorsk folkemusikktradisjon er eit prioritert ansvarsfelt, men verksemda femner vidare både nasjonalt og internasjonalt.

Hovedinnhold

Arne Bjørndal (1882-1965) vart fødd i Hosanger i Nordhordland, no Lindås kommune. Han var ein mykje brukt utøvar både på hardingfele og i song, og deltok som spelemann i 600 bryllaup og som kjømeister i 200. Elles var han med på tallause tilskipingar og konsertar av ulike slag rundt i heile landet. Han var ein kjend og allsidig kulturpersonlegdom. Det er likevel som innsamlar og formidlar av vestnorsk folkemusikktradisjon han har gjort den største innsatsen. Frå tidleg på 1900-talet og heilt fram til sine siste leveår dreiv han ei omfattande innsamlingsverksemd. Innsamlingsmaterialet vart til ei stor samling med lydbandopptak, noteoppskrifter og skriftleg materiale om folkemusikktradisjon.

 

I 1950 ga Arne Bjørndal samlinga si til Universitetet i Bergen, og ho fekk namnet Arne Bjørndals samling.