Bachelorprogram
Instituttet tilbyr to bachelorprogram, eitt i fysikk og eitt i petroleum- og prosessteknologi. Bachelorprogrammet i fysikk konsentrerar seg kring lovene og prosessane i naturen, medan bachelorprogrammet i petroleum- og prosessteknologi er tverrfagleg og i større grad rettar seg mot teknologi. Begge programma har valemne og ei opning for å studere eit semster i utlandet slik at du har fridom til å velje kva du vil studere nærare og kva erfaringar du vil ta med deg frå studiet.
PHYS111 er eit emne om grunnleggjande mekanikk som er felles for bachelorstudentane på fysikk og petroleum- og prosessteknologi. På biletet over er studentane i gang med å undersøkje omgrepet elastisitet med det som blir kalla ninjaballar eller superballar. Det er fem ballar med minkande masse som fell saman mot golvet. Ballane kolliderar suksessivt med kvarandre slik at rørsleenergien frå dei andre ballane blir overført til den minste ballen som sprett mykje høgre enn den høgda studentane slapp den frå før kollisjonen med golvet.
-
-
Petroleum- og prosessteknologi
Her kan du finne ut meir om bachelorprogrammet i petroleum- og prosessteknologi.