Hjem
Tatrafjella

Dramatiske endringar på fjelltoppane

Høgare temperaturar gjer at talet på planter og vekstar aukar på europeiske fjelltoppar. Ny forsking viser at norske fjellområde kjem til å endrast dramatisk, og ein del vil antakeleg forsvinne.

Hovedinnhold

Både norske og europeiske fjell har alt endra seg mykje.

– Hardangervidda slik vi kjenner ho i dag kan verta vekke. Om og når jorda vert to grader varmare vil tregrensa etter kvart gå 350 meter høgare over havet, seier John-Arvid Grytnes, professor ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Bergen (UiB).

Han er ein av forfattarene på ein artikkel i det vitskaplege tidsskriftet Nature. Forskarar frå UiB og Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) har vore sentrale i arbeidet med artikkelen. Også forskarar frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og fleire europeiske fagmiljø har vore med på prosjektet.

I arbeidet med artikkelen har forskarane sett på data frå 302 fjelltoppar i heile Europa, samla inn gjennom 145 år. Datasettet er unikt, og kartlegg plantelivet på fjelltoppane.

Issoleie og Raudsildre
Photo:
Sara Burg, Siri Haugum

HØGTVEKSANDE PLANTER: Planter som denne issoleia og raudsildra er talde og observerte. 

Historiske observasjonar

Dei eldste observasjonane er frå 1870-talet. Då gjekk botanikarar på fjelltoppane og førte sirleg opp det dei fann av planter.

– Seinare har me gått på dei same fjelltoppane, og kartlagt kva som veks der i dag, seier Grytnes.

Det dei såg var oppsiktsvekkjande. Det er fleire artar enn tidlegare.

John Arvid Grytnes
Photo:
Jens H. Ådnanes

FORSKAR PÅ FJELLTOPPAR: John Arvid Grytnes på UiB er ein av hovudforfattarane bak artikkelen. 

Fjella vert grønare

Professor ved NMBU, Kari Klanderud, var i 2014 på Sikkilsdalshø, aust i Jotunheimen i 2014 for å samle inn data. Ho og masterstudenten Erlend T Grindrud la merke til alle dei små bjørkeplantene som vaks i fjellsida, langt over tregrensa.

– Då eg var i Jotunheimen 16 år tidligare, såg eg kun ei sped lita bjørk på alle dei 25 fjella eg undersøkte, no var dei overalt. Dette er ei stor endring på relativt kort tid, og eit klart varsel om at fjellområda er i ferd med å verte grønare, seier Klanderud.

Professor Kari Klanderud
Photo:
NMBU

STORE ENDRINGAR: Professor Kari Klanderud har sjølv sett dei dramatiske endringane. 

Grytnes fortel også om store endringar i korleis det ser ut på fjelltoppane.

– På fjellet Vesuv på Svalbard var det 1958 funne fire artar. Då vi var der i 2009, var det auka til tretten artar.   

Funna viser at mengda på planteartar aukar på heile det europeiske kontinentet, og at denne auken har gått mykje raskare i dei siste åra i takt med ein raskare auke i temperaturen.

Varmen skapar vekst

Kva er så grunnen til at fjellltoppane i Europa stadig vert grønare?

– Det er klimaendringane og ein auka global temperatur. Vi ser at dei toppane som har blitt varmare også har den største auken i talet på artar.  87 prosent av fjelltoppane har hatt ein auke i talet på artar,  seier Grytnes.

Han fortel at temperaturen på dei 302 fjelltoppane har auka med 1,4 grader Celsius i gjennomsnitt. Auken i planterikdom på toppane er synkronisert med den globale oppvarminga. Og det har gått svært mykje raskare med både temperatur og auka planterikdom det siste tiåret.

Vesuv
Photo:
Jutta Kapfer

VED VESUV: Jessica Wells Abbott med fjellet Vesuv (Svalbard) i bakgrunnen. På toppen av dette fjellet  vart det i 1958 funne 4 artar medan det i 2009 vart funne 13 artar. 

Artar vil døy ut

Kva vil dette bety for fjella våre?

– I utgangspunktet kunne ein kanskje trudd at det var positivt med fleire artar. Etter kvart vil derimot fleire artar døy ut på grunn av dette, og verte utkonkurrert av vekstar som etablerer seg på toppane. Visse artar vil døy ut og aldri kome tilbake, seier han.

Tregrensa vil altså også flytta seg oppover. Det er ikkje berre knytt til klimaendringar, men også beite, understrekar Grytnes.

Han seier at dei fleste nordmenn nok ikkje legg merke til endringane som alt har skjedd, det går sakte, trass dei dramatiske konsekvensane. Vitskapleg kartleggjing er naudsynt for å kunne påpeike endringane som er i ferd med å skje.

– Vi har ein tendens til å tenkje på fjella som noko evig og stabilt. Våre funn viser at det ikkje er tilfelle, og at det vil kome store endringar i norske fjell. Vi kjem til å miste mange av fjellområda våre, seier professoren. 

Vesuv
Photo:
John-Arvid Grytnes

MOT TOPPEN AV VESUV: Jessica Wells Abbott er på veg mot toppen av Vesuv på Svalbard.