Gå til innhold
English A A A

Oppfriskningskurs før semesterstart 2013


Skal du studera ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet til hausten? Da kan det vere klokt å følgje oppfriskingskursa våre i matematikk før studiane starter.

illustrasjonsbilde

illustrasjonsbilde Foto: Colourbox

Du som enten skal lese MAT101 - Brukarkurs i matematikk eller MAT111 - Grunnkurs i matematikk I kan ha nytte av å delta på eit av dei to oppfriskingskursa våre i veke 32.

Det eine forkurset gjev ein repetisjon av relevante delar av pensumet frå R1 medan det andre gjer tilsvarande for R2. Med relevante delar meiner vi her den teorien frå R1/R2 du treng til MAT101/MAT111.

MERK: Det er ikkje nødvendig med påmelding for å delta på oppfriskingskursa

VIKTIG!
Du bør investere litt tid på repetisjon av følgjande grunnleggjande teknikkar:

- algebraisk notasjon,

- reglane for brøkrekning,

- reglane for rekning med potensar (altså grunnlaget for logaritmereglane),

- grunnleggjande teknikkar for faktorisering av algebraiske uttrykk.

 

Tidsplan. OBS: Det kan kome endringar.

 

Oppfrisking av R1 - (forkurs for MAT101).

Stad

 Auditorium 1, Realfagsbygget  

Dag

Dato

Undervisingstid

Tema (tentativt)

Måndag

05.08

 09:00 - 12:00

Tal og tallinje
Grunnleggjande rekning
Brøk og brøkrekning
Potensreknereglar
Kvadratsetningane og konjugatsetninga
Litt om mengde

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Tysdag

06.08

 09:00 - 12:00


Primtal og primtalfaktorisering
Å løyse ulike typar likningar
Ulikskapar

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Onsdag

07.08

09:00-12:00

Koordinatsystemet
Rette linjer
Funksjonar
Trigonometri

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Torsdag

08.08

09:00-12:00

Eksponensialfunksjonar
Logaritmefunksjonar
Grenseverdiar

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Fredag

09.08

09:00-12:00

Derivasjon
Derivasjonsreglar
Bruksområder for derivasjon

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Om rekneøvingane
Det vil vere reknegrupper (med hjelpelærarar) i samband med kurset. Her kan du teste kunnskapane dine på eit variert utval oppgåver. Reknegruppene vil finne sted i kantinen på Realfagsbygget.

Kursmateriale: Kompendium(PdF fil), oppgåvehefte, Nokre utvalde oppgåver

 

Tidsplan. OBS: Det kan kome endringar.

Oppfrisking av R1+R2 - (forkurs for MAT111).

Stad

Auditorium A, Allégaten 66

Dag

Dato

Undervisingstid

Tema (tentativt)

Måndag

05.08

 09:00 - 12:00

Taltypar
Brøkar
Potensreknereglar
Kvadratsetningar
Logaritmar
Følgjer og rekker

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Tysdag

06.08



 09:00 - 12:00

Likningar
Ulikskapar

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Onsdag

07.08

09:00-12:00

Koordinatsystemet
Funksjonar og grafar
Trigonometri

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Torsdag

08.08

09:00-12:00

Derivasjon
- grenser
- den deriverte
- bruk

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Fredag

09.08

09:00-12:00

Integrasjon
- antiderivasjon og ubestemt integral
- reknereglar
- areal og bestemt integral

13:00 - 15:00

REKNEØVINGAR

Om rekneøvingane
Det vil vere reknegrupper (med hjelpelærarar) i samband med kurset. Her kan du teste kunnskapane dine på eit variert utval oppgåver.

Stad for rekneøvingane annonseres seinare.

Kursmateriale:  Kompendium(PdF fil), oppgåvehefte
Ekstra notat om Polynom og polynomdivisjon
NB: MAT111-læreboka vil også vere nyttig under forkurset!

Kurskompendium/oppgåvehefte finnes her og verte også delt ut på oppfriskingskursa.


Det du må ha med er noko å skrive med og noko å skrive på. Linjal og passar kan vere greitt å ha. Kalkulator er ikkje naudsynt.


Spørsmål i samband med forkursa kan rettast til studierettleiar ved Matematisk institutt.
Andre spørsmål i samband med semesterstart (grupper i ex.phil, matematikkgrupper, …) kan rettast til Infosenteret i Realfagbygget. Opningstid 09.00-15.00, du kan møte opp eller ringje 55 58 30 30.

 

 

Sist endret: 2.8.2013