Hjem
Aktuelt
Seminar

Nettseminar om terminologiarbeid i universitets- og høgskulesektoren

Tar engelske fagtermar over i faget ditt? Korleis kan universiteta og høgskulane sørgje for at det blir utvikla norsk terminologi innanfor alle fag, og korleis kan ditt fagmiljø bidra?

Hovedinnhold

Saman med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og Språkrådet arrangerer Termportalen nettseminar 25. april kl. 10.00–11.00 om korleis lage termlister for bruk i universitets- og høgskulesektoren. 

Nettseminaret er meint som ei hjelp til å følgje opp handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia som kom i 2023. Seminaret vil bli teiknspråktolka.

Program

Kl. 10.00 – Velkommen v/Bjørg Nesje Nybø, Språkrådet. Deretter desse korte innlegga:

  • om terminologiutvikling i universitets- og høgskulesektoren ved Sunniva Whittaker, styreleiar for Universitets- og høgskulerådet (UHR) 
  • om studentane og behovet for norsk terminologi ved Harald Bolstad Evensen, fag- og forskingspolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon (NSO)
  • om korleis terminologiarbeid kan organiserast i eit fagmiljø ved Sandra Louise Halverson, professor, Universitetet i Agder
  • om korleis Termportalen kan leggje til rette for terminologiarbeid og bidra til å gjere terminologien tilgjengeleg ved Marita Kristiansen, fagleg leiar for Termportalen ved UiB
  • om terminologi i eit undervisningsperspektiv ved Adam Leon Kleppe, førsteamanuensis i robotikk og mekatronikk, NTNU

Ca. kl. 10.30 – Panelsamtale mellom innleggshaldarane leia av Kjetil Gundersen, Språkrådet

Kl. 11.00 – Seminaret er slutt

Meld deg på her.