Hjem
Senter for digitale fortellinger
Nyheter

Korleis tek KI vare på Kardemomme By?

Jill Walker Rettberg skriver om korleis amerikansk og engelskspråkleg kunstig intelligens kan overskugge kulturarv frå andre delar av verda.

Jill Walker Rettberg
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

– Å ikkje ta dei kulturelle aspekta ved generativ KI på alvor vil truleg føre til ei straumlinjeforming av menneskelege uttrykk i mønstra til det stort sett amerikanske innhaldet som desse systema er trente på.

I det nyaste Issues in Science and Technology – ein journal fra National Academies of Sciences, Engineering, and Medicine – åtvarar professor Jill Walker Rettberg om at generativ KI kan sette ulike kulturelle forteljingar, innhald og arv i fare, ettersom dei for det meste trenast på amerikanske data og mønstre.

Generativ KI kan erstatte eller homogenisere historier som Folk og røvere i Kardemomme By, ei barnebok og musikal som er velkjend her til lands, og gjenspeglar norske strafferettslege verdiar:

– Historia er meir enn ei delt kulturell referanse – den støtter det norske strafferettssystemets prioritering av rehabilitering framfor straff. Ulikt Disney-filmar, med eintydige skurkar som blir straffa på slutten, og frå Hollywood-bankran og gangsterfilmar som glorifiserar kriminelle. Generativ KI kan godt ende med å gravlegge historier som Kardemomme By ved å fylle chatbot-svar og søkeresultat over heile verda med homogeniserte amerikanske forteljingar, skriver ho.

Desse narrative arketypane gir oss malar å leve etter, og formar handlings- og forståingsmoglegheitene våre, hevder ho.

Etterlyser meir humaniora i KI-utvikling

Midjourney, ei av dei største bildegeneratorane, klarte ikkje å produsere bilete av svarte legar som behandla fattige kvite barn, då forskarar ba om det. For meir kvardagslege eksempel nemner ho korleis Google ikkje kunne gi relevante resultat for ho då ho skulle installere ein ny tørketrommel, fordi den antok at elektriske tørketromlar ikkje var vanleg i Noreg.

Walker Rettberg etterlyser meir humaniora i KI-utvikling, og meiner KI må kunne respektere og berike verdas kulturelle forteljingar:

– Ikkje berre fordi eg lettare skal kunne finne ut korleis eg installerer kvitevarene mine, men fordi vi ikkje skal miste historiene som formar lokalsamfunna våre.

Rettberg har også skrive om dette i samlinga «New Challenges to Democracy» for UiB, som presenterast for EU-kommisjonen og interessentorganisasjoner 23. januar.

Kjelde

Rettberg, Jill Walker. “How Generative AI Endangers Cultural Narratives.” Issues in Science and Technology (): 77–79. https://doi.org/10.58875/RQJD7538