Hjem
UiB innovasjon
The Change Conference

- Berre hopp i det, så får du erfaringa du treng undervegs!

Tastebuds-gründer Alexander Muri har eit godt råd til alle studentar som har lyst til å state opp noko sjølv: - Berre hopp i det! Det finst uansett aldri ei "rett tid" til å starte eit selskap.

konferansier-trioen på konferansen
Det var full trøkk frå første stund med konferansier-trioen under The Change Conference.
Foto/ill.:
Dag Hellesund

Hovedinnhold

Alexander delte raust av si erfaring under The Change Conference 30. mars 2022, arrangert av Bergen Entrepreneurship Academy (BEA). BEA er ein plattform for studententreprenørskap som NHH, HVL og UiB samarbeidar om. 

NHH-studenten Alexander har heilt frå han var liten visst at han ville starte noko for seg sjølv. På eit studentarrangement som The Change Conference møtte han ein annan student som hadde ein idé om å få meir lokalt produsert mat ut til kundane. Saman jobber dei to i selskapet Tastebuds, som leverer lokalt produsert mat rett heim til kundane. 

- For to år sia visste vi ikkje kva vi dreiv med, fortel Alexander til dei 250 påmelde studentane på konferansen. 

Etter mange både opp- og nedturar i gründerlivet har dei lært mykje. 

- Men ein må vere budd på at det ikkje alltid er så lett som ein trur. 

Seks grunnar for å starte for seg sjølv

Her er Alexanders seks grunnar til at studentar bør starte opp eiga verksemd: 

  1. Det er svært lærerikt, og du vil lære fortare enn ved ei tradisjonell karriere. 
  2. Du får reell påverknad på selskapet, og kva retning det skal utvikle seg i. 
  3. Du blir ikkje lei, for jobben er svært variert. 
  4. Du får ein fleksibel kvardag, som du kan styre sjølv. Har du lyst til å dra på ski, kan du!
  5. Blir du ein del av eit oppstartsselskap får du ansvar frå første dag, og er ikkje berre ein del av eit stort maskineri.
  6. Du får eigarskap i selskapet, både i innhaldet og aksjer.

- Ver nysgjerrig!

Gründer og ingeniør Kristine Spiten har blant mykje anna vore med på å starte Blueeye Robotics, som produserer små undervassdroner til bruk i ei rekkje næringar. Spiten er mellom anna kåra til  World's Top 50 Women In Technology av magasinet Forbes, og jobbar i dag i Fearnley Securities. 

Kristine rår studentar til å gjere ting som er utanfor den vanlege ramma for studia: 

- Prøv å gå litt på tvers av den gjengen du kjem frå, og utdanningsinstitusjonen du går på. Ver nysgjerrig! 

Kristine Spiten

Kristine Spiten

Photo:
Dag Hellesund