Hjem
Nye doktorgrader
NY DOKTORGRAD

Mobbeforskingas historie

Cecilie Boge disputerer fredag 9. desember 2016 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Frå individuell aggresjon til sosiale prosessar: Mobbeforskingas etablering og utvikling i skjeringspunktet mellom vitskap og politikk”.

Hovedinnhold

I 1969 var mobbing eit svensk nyord, konstruert og lansert av ein svensk skulelege. Knappe 50 år seinare er mobbing i skulen eit stort sosialt problem som både skapar avisoverskrifter og politisk engasjement. Forsking på mobbing har utvikla seg frå å vera eit svensk-norsk fagområde til å bli eit stort internasjonalt forskingsfelt. Avhandlinga handlar om kva som har forma utviklinga av mobbeforskinga sett i lys av den historiske, politiske og vitskaplege konteksten. Mobbing og særleg mobbeforsking er lite utforska av historikarar, og Boge bidreg med ny vitskapshistorisk kunnskap om eit viktig forskingsfelt som mellom anna spring ut frå eit forskarmiljø ved Universitetet i Bergen.

I avhandlinga set Boge problematiseringa av mobbeåtferda rundt 1970 i samanheng med i ei brytingstid då sosiale spørsmål blei aktualisert. Mobbeomgrepet fanga opp ei uro i samtida som mellom anna inkluderte urbanisering, framandfrykt og skepsis til det moderne samfunnet. Dette gav omgrepet god klangbotn både i det offentlege og politiske rommet. Eit viktig dreiingspunkt i mobbeforskingas historie var ein nasjonal handlingsplan og ei landsdekkjande undersøking om mobbing i norsk skule hausten 1983. Boge viser at arbeidet som blei gjort i samband med denne politisk initierte kampanjen, både danna grunnlaget for utviklinga av to av dei mest brukte antimobbeprogramma i norsk skule, og for eksport av norsk mobbeforsking til andre land.

Norsk mobbeforsking og dels internasjonal mobbeforsking har i stor grad vore prega av to store profilar innan feltet, Dan Olweus i Bergen og Erling Roland i Stavanger. Store delar av mobbeforskinga har vore retta mot programeffektar, noko som kan vera ei av fleire forklaringar på at norsk mobbeforsking fagleg sett har vore lite nyskapande dei siste 20 åra. Dette skil seg frå Sverige og Danmark der det dei siste tiåra har vakse fram alternative perspektiv på mobbing som er forankra i andre fagmiljø enn psykologien og pedagogikken, slik det har vore i Noreg.

Personalia:

Cecilie Boge (f. 1975) frå Os er cand.philol. med historie hovudfag frå Universitetet i Bergen. Boge har i mange år arbeidd som universitetslektor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur og religionshistorie (AHKR) ved Universitetet i Bergen. Ho er no tilsett som universitetslektor ved Studieadministrativ avdeling, UiB.