Hjem
Nye doktorgrader

Norskfaget og skjønnlitteraturen

Pål Hamre disputerer fredag 15.08.2014 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Norskfaget og skjønnlitteraturen. Ein studie av norskfaglege normtekstar 1739-2013».

Hovedinnhold

Avhandlinga er ein breitt perspektivert studie av korleis lesing har vore legitimert som del av skulefaget norsk sidan skulen vart organisert i 1739 og fram til i dag. Granskinga omfattar norskfaget slik det har blitt tradert i det vi i dag kallar grunnskulen, den vidaregåande skulen og grunnskulelærarutdanninga.

Kjeldegrunnlaget er dei norskfaglege normtekstane for dei ulike skuleslaga: forordningar, lover, rundskriv, læreplanar, stortingsmeldingar og liknande statspedagogiske styringstekstar. Avhandlinga dokumenterer og analyserer den historiske utviklinga til norskfaget som skjønnlitterært formidlingsfag, og den samanliknar norskfaget slik det vert skildra i normtekstane for dei ulike skuleslaga. Målet med arbeidet har vore å finne dei – kanskje skiftande – identitetane til norskfaget som skjønnlitterært formidlingsfag frå 1739.

Avhandlinga dokumenterer skjønnlitteraturen sitt «rise and fall» i norsk skule. Vekstperioden var del av venstrestatens nasjonale identitetsbygging med integrativt motiv. Under arbeidarpartistaten vart dette gradvis svekt, dels som eit skifte av fokus frå faget til barnet, dels som ei pedometrisk interesse for meir målbare og nytteorienterte sider ved faget. Dei siste tiåra finn vi dei same tendensane med omvendte politiske forteikn: Gudmund Hernes som venstrestatens hittil siste danningsagent med sine 1990-talsreformer, Kristin Clemet med interesse for målbare og nyttige sider ved faget inne i det nye tusenåret. Avhandlinga gir slik ein historisk bakgrunn for litteraturdidaktiske refleksjonar i ei samtid der lesing av norsk skjønnlitteratur har mist si privilegerte og sjølvsagde rolle i norskfaget.

Personalia:

Pål Hamre (f. 1971) har allmennlærarutdanning og medieutdanning frå Høgskulen i Volda, og tok hovudfagseksamen  i nordisk ved Universitetet i Oslo i 1997. Hamre har arbeidsbakgrunn som lektor i den vidaregåande skulen i Oslo og Akershus, før han i 2002 vart tilsett som høgskulelektor ved Høgskulen i Volda, der han i dag arbeider.