Hjem
Studentsider

Kva er sørviserklæringa?

Sørviserklæringa for Universitetet i Bergen er eit oversyn over tilbod, tenester og hjelp som universitetet forpliktar seg til å gi ein student, og kva universitetet forventar seg av studenten med omsyn til studieåtferd og innsats. Erklæringa samsvarar med pålegg og retningslinjer frå styresmaktene.

Hovedinnhold


Sørviserklæringa er overordna og blir komplettert av studieadministrativ informasjon på nettsidene til UiB. Sørviserklæringa omhandlar og tenester frå Studentsamskipnaden på Vestlandet.

UiB skal utvikle studentane fagleg og intellektuelt. Innanfor dei normerte studieprogramma skal universitetet gi studentane ei forskingsbasert utdanning på høgt nivå som er etterspurt i samfunnet og som tilfredsstiller dei faglege krava til ei fullverdig universitetsutdanning. Universitetet skal vidare utvikle studentane sine evner til å planlegge og gjennomføre eit akademisk studium.

Studentar og tilsette vert oppfordra til å gi tilbakemelding på sørviserklæringa og dei forholda den gjeld for. Det er og ønskjeleg å få tilbakemelding på forhold som bør vere omtalte, eller andre synspunkt på erklæringa.

Slike meldingar kan sendast på e-post til Seksjon for studiekvalitet ved Studieadministrativ avdeling, studiekvalitet@sa.uib.no.