Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i allmenn litteraturvitskap

Omfang og studiepoeng

Studieprogrammet har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til to år.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium, men kan etter søknad også takast som eit 50 % deltidsstudium.

Undervisningsspråk

Norsk.

Studiestart - semester

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Mål og innhald

Masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap har ein teoretisk profil og ei internasjonal, komparativ orientering.

Masterstudiet i allmenn litteraturvitskap tilbyr ei omfattande og djuptgåande innsikt i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar og litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar. Studiet gir studentane ei brei plattform for historisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur og litteraturteori.

Under masterstudiet kan studenten velje mellom ulike spesialiseringar og vel fritt frå eit utval av ulike seminar som vert tilbodne kvart semester. Det er òg mogleg å setje opp og arbeide sjølvstendig med eit eige pensum.

Arbeidet med masteroppgåva står i sentrum under studiet og skal gjerast under individuell rettleiing. Studenten byrjar førebuingane til masteroppgåva allereie første semester og utarbeider eit masterprosjekt under rettleiing.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har brei og inngåande kunnskap innanfor fagfeltet allmenn litteraturvitskap
  • har spesialisert innsikt innanfor sitt fordjupingsfelt (masteroppgåva)
  • har inngåande kjennskap til litteraturvitskapleg teori og metode
  • kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdets historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
  • har innsikt i fagets nedslagsfelt ved universiteta og høgskulane, og ved kulturinstitusjonar som museum eller bibliotek, forlag, presse og i media generelt.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan gjere ei kritisk vurdering av eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar i litteraturvitskapen
  • kan nytte relevante teoriar og metodar til sjølvstendig forsking på litteratur
  • kan gjere ei sjølvstendig vurdering av eksisterande litteratur innanfor eit sjølvvalt avgrensa forskingsfelt
  • kan nytte akademisk kunnskap på alle felt innanfor litteraturvitskapen, innanfor litteraturformidling og på fleire tilgrensande fagområde
  • kan arbeide med litteratur og estetiske problemstillingar innanfor institusjonar som bibliotek, forlag, museum eller presse og kringkasting

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan kommunisere med spesialistar og allmenta om faglege problemstillingar innanfor litteraturvitskapen og tilgrensande fagområde
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid på ein fagleg forsvarleg måte
  • kan drøfte den relevansen litteraturen generelt og av fordjupingsfeltet spesielt har for andre fagområde og for aktuelle problemstillingar
  • har ei velutvikla evne til å kommunisere om litterære og estetiske problemstillingar skriftleg og munnleg

Opptakskrav

Masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i allmenn litteraturvitskap
  • Bachelorgrad i kjønnsstudium med spesialisering i allmenn litteraturvitskap

Andre bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgrader kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i allmenn litteraturvitskap eller tilsvarande.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Obligatoriske emne

ALLV301 Litteraturvitskapleg grunnkurs (15 stp.)

ALLV302 Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære (15 stp.)

ALLV350 Allmenn litteraturvitskap mastergradsoppgåve (60 stp.)

Tilrådde valemne

Vel minst 2 emne:

ALLV303 Litteraturvitskapleg særemne I (15 stp.)

ALLV304 Litteraturvitskapleg særemne II (15 stp.)

Eller:

KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur (15 stp.)

RET206 Litteraturvitskapleg retorikk (15 stp.)

NOLI322 Nordisk: Litterært masteremne B (15 sp.)

Emna KVIK203 og RET206 kan gå inn i studenten sin mastergrad i allmenn litteraturvitskap, om dei ikkje allereie er ein del av studenten sin bachelorgrad.

Det er også mogleg å hente høvelege, godkjende emne frå andre fag ved UiB.

Rekkefølgje for emne i studiet

Eit masterprogram i allmenn litteraturvitskap kan sjå slik ut:

1. semester:

ALLV301 Litteraturvitskapleg grunnkurs (15 stp.)

ALLV303 Litteraturvitskapleg særemne I (15 stp.) / Valemne

2. semester:

ALLV302 Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære (15 stp.)

ALLV304 Litteraturvitskapleg særemne II (15 stp.) / Valemne

3. og 4. semester:

ALLV350 Allmenn litteraturvitskap mastergradsoppgåve (60 stp.)

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet.

Nærare informasjon hos studierettleiar.

Nokre tilrådde utvekslingsstader for litteraturvitskap er Ludwig-Maximilians Universität München, Freie Universität Berlin, Universitá degli Studi di Milano, Westphälische Wilhems-Universität Münster, Stockholms Universitet og København Universitet.

Arbeids- og undervisningsformer

Masterprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning, og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Skriftlege og munnlege prøver, semesteroppgåve.

Mastergradsoppgåve på mellom 70 og 110 sider med avsluttande munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan gje grunnlag for vidare ph.d.-utdanning i allmenn litteraturvitskap eller andre relaterte fagområde. Dette krev gjennomgåande gode karakterar på studiet.

Relevans for arbeidsliv

Mastergraden i litteraturvitskap kan gi grunnlag for arbeid med litteratur i forsking, undervisning, bibliotek og innanfor andre aktuelle felt som til dømes forlag, mediebransje, næringsliv og offentleg forvaltning.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@lle.uib.no.