Studieplan for MAHF-RELV Religionsvitskap, master, 2 år, haust 2024
Namn på grad
Master i religionsvitskap
Omfang og studiepoeng
Masterprogrammet i religionsvitskap har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.
Fulltid/deltid
Fulltid 2 år/ deltid 4 år.
Undervisningsspråk
Dei fleste emna i programmet vert tilbydd på norsk, men enkelte emne vert tilbydd på engelsk.
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Religionsvitskap er det historiske og systematiske studiet av religion som eit kulturelt fenomen. Perspektivet er krysskulturelt, og ei samanliknande tilnærming er innebygd i studiet. Denne tilnærminga inneber at faget er meir enn det separate studium av dei enkelte religionane; det er eit breitt studium av religion som eit eigenarta menneskeleg fenomen. I dette studiet er det eit gjensidig samspel mellom generell religionshistorisk innsikt og fordjuping på avgrensa felt.
Dei religiøse verdsoppfatningane og verdinormene spelar ei nøkkelrolle for forståinga av menneskeleg kultur. Ei vidare målsetting for faget er såleis at det skal kunne fungere som ein innfallsport til idé- og åtferdstradisjonar i kulturtradisjonar i eit globalt perspektiv.
Masterprogrammet i religionsvitskap skal utdjupe studentane sine kunnskapar om teoretiske og metodiske spørsmål i faget og gi fordjuping i eit valfritt emne av historisk eller systematisk karakter.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar/ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
- har brei og avansert kunnskap innanfor religionsvitskapen og spesialisert innsikt innanfor eit avgrensa felt av denne.
- har inngåande kunnskap om religionsvitskapleg teori og metode.
- kan anvende kunnskap på nye problemstillingar og område innafor religionsvitskapen.
- kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i den religionsvitskaplege fagtradisjonen innan historiske, teoretiske, metodiske og samfunnsfaglege studium.
Ferdigheiter
- kan analysere eksisterande teoriar, metodar og forståingsrammer innanfor religionsvitskapen og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing.
- kan analysere og forholde seg til ulike historiske og samtidige kjelder, og strukturere, formulere og formidle faglege argumentasjonar og resonnement.
- kan bruke relevante vitskapelege og faglege metodar på ein sjølvstendig måte.
- kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa religionsvitskapeleg forskingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.
Generell kompetanse
- kan utarbeide sjølvstendige analysar og utvikle prosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.
- kan anvende sine kunnskapar og ferdigheitar til å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekter innafor nye områder.
- kan innhente og systematisere og analysere samtidige og historiske kjelder på ein kritisk måte.
- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid både til spesialistar og til den allmenne offentligheit.
- kan handsame og analysere store informasjonsmengder gjennom forskjellege vitskapelege metodar.
- kan gjennomføre analytiske og administrative oppgåver og ta ansvar for slike oppgåver i kunnskapsintensive miljø i private bedrifter, offentleg sektor og frivillige organisasjonar.
Opptakskrav
Opptakskrav
Masterprogrammet i religionsvitskap byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i religionsvitskap, eller tilsvarande.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserar:
- Bachelorgrad i religionsvitskap.
Andre bacherlorgradar som kvalifiserer:
- Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i religionsvitskap eller tilsvarende.
Du må også ha:
- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk ei ein føremon.
Obligatoriske emne
Mastergraden i religionsvitskap omfattar fire obligatoriske emne:.
AHKR300 Forskningsetikk, 0 stp. haust og vår
RELV301 Religionsvitskapleg teori, 15 stp, haust
RELV309 Research Methods, Ethics, and Project Design, 10 stp, vår
RELV350 Masteroppgåve, 60 sp.
I tillegg må studenten velje to av følgjande 15 stp valemne religionsvitskap:
RELV302 Spesialiseringsemne
RELV302SEM Spesialiseringsemne
RELV303FELT/MUNT/SEM Frie studiepoeng
RELV308 Sami Religion
RELV313 Religion and science
RELV321 Nyreligiøsitet
RELV322 Religionar i antikken
RELV323 Buddhisme og jainisme
RELV324 Hinduism
RELV328 Religion and Politics
RELV330 Religion and Media
RELV332 Verdensfilosofiar
RELV333 Religion and Art
RELV334 Religion and Music
RELV336 Reformations in Europe
RELV337 Religion and the City
RELV338 Religion and World Literature
RELV339 Islamic Religious Thought and Practice
RELV340 Christians under Islamic Rule
RELV341 Norrøne religionar
RELV342 Religion i kontekst: Sør-Asia og Øst-Europa
Tilbodet er avhengig av kva ressursar som er tilgjengelege.
Studenten kan i sitt 2. semester (vår), kombinere det obligatoriske emnet RELV309 med:
enten RELV363 Religionsvitskap- Frie studiepoeng (munnleg) (5 stp)
eller med RELV360 Jews and Antisemitism in Modern Europe, 1789-1945 (5stp).
Studenten kan ikkje kombinere RELV303 (SEM/FELT/MUNT) (15 stp) med RELV363 (5 stp) i mastergraden,
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd progresjon:
1. semester:
- RELV301 Religionsvitskapleg teori.
- Valemne i religionsvitskap (eitt av emna RELV302, RELV302SEM, RELV303 (FELT/MUNT/SEM) og RELV308-341).
2. semester:
- RELV309 Research Methods, Ethics, and Project Design
- Valemne i religionsvitskap (eitt av emna RELV302, RELV302SEM, og RELV308-RELV341)
- RELV363 Religionsvitskap - Frie studiepoeng (munnleg)
Eller:
- RELV309 Research Methods, Ethics, and Project Design
- RELV303FELT/MUNT/SEM Religionsvitskap - Frie studiepoeng
- Eit anna valemne religionsvitskap på 5 ECTS
Det er tilrådd at AHKR300 Forskingsetikk, tas enten i det fyrste eller det andre semesteret. Emnet må vere fullført seinast innan innlevering av masteroppgåva.
3. og 4. semester:
- RELV350 Masteroppgåve
Delstudium i utlandet
Programmet kan inkludera eit delstudium i utlandet for dei som ynskjer det. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Eksempel på avtaler som programmet vil trekke fram er:
Aarhus Universitet
Syddansk Universitet
University of Bremen
University of Groningen
School of Oriental and African Studies (SOAS).
Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand, og studiekonsulent på programmet rettleiar gjerne i prosessen. Sjå www.uib.no/utveksling
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar med aktiv deltaking frå studentane. Nettkurs. For arbeidet med masteroppgåva blir det gitt rettleiing. Sjå dei einskilde emneplanane for undervisningsmetodar.
Vurderingsformer
Skriftlege og munnlege prøver, semesteroppgåve, heimeeksamen.
Masteroppgåve med munnleg eksamen. Sjå dei einskilde emneplanane for vurderingsform.
Karakterskala
Karakterskala A-F, der F er stryk.
Greidd/Ikkje greidd.
Sjå dei einskilde emneplanane for karakterskala.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.
Grunnlag for vidare studium
Studiet kan gje grunnlag for vidare ph.d.-utdanning i religionsvitskap. Dette krev gjennomgåande gode karakterar på studiet.
Praktisk-pedagogisk utdanning
Dersom du fullfører masterprogrammet, kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning.
Relevans for arbeidsliv
Ein mastergrad i religionsvitskap kvalifiserer til undervisning på vidaregåande skule, på høgare nivå og for variert arbeid både i offentleg og privat sektor. Utdanninga er også relevant for arbeid innanfor kulturliv, media og til stillingar der dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling og innsikt i religionsvitskapen sine forskingsmetodar er relevante.
Evaluering
Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Utval for undervisning og internasjonalisering ved AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet .
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: