Hjem
Utdanning
Engasjer deg som student

Ny og nysgjerrig?

Vil du lære noko nytt? Få mest mogleg ut av studietida di? Oppskrifta er enkel: Engasjer deg i ein studentorganisasjon!

Hovedinnhold

– Bergen treng alle engasjerte studentar som tør og vil. Det seier kulturstyreleiar, Charlotte Spurkeland.

Ho oppmodar alle til å utforske dei talrike studentorganisasjonane: Kanskje finn du ein organisasjon med ein kampsak eller eit interesseområde som passar for deg? Eit engasjement kan vere med å utvide din horisont, du får vere med å byggje noko som du interesserer deg for, samtidig som det pyntar opp cv-en.

– Eit engasjement gjev studietida meir innhald og erfaring, samtidig som ein møter andre med same interesser, seier kulturstyreleiaren.

Politisk engasjement

I Bergens studentkultur er det mange ulike arenaer ein kan engasjere seg innan. Politisk finnast det organ på ulike nivå, til dømes Velferdstinget som er overordna for alle UiB-studentar, eller ein kan trå til ved sitt eige fakultet – til dømes ved å vere representant for fagutvalet ved instituttet. Fagutvalet jobbar med å fremje studentar sine saker og interesser.

Livar Bergheim sit i fagutvalet ved sitt institutt som bedriftskontakt.

–  Som bedriftskontakt jobbar eg med å organisere arrangement som bedriftspresentasjonar og bedriftsbesøk. Årsaka til eg vil jobbe med dette i fagutvalet er at eg synes det er viktig å oppretthalde og styrke kontakta mellom studentar og bedrifter.

Bergheim synest også eit slikt engasjement gjev fordelar:

–  Når ein engasjerer seg på fagnivå slik som eg har gjort, får ein eit større faglig nettverk. Fagleg får eg innsikt i kva moglegheiter som finnast i arbeidslivet, og i kva kompetanse arbeidslivet har behov for, seier Bergheim. 

Interessert i kultur?

Ei anna side ved Bergen som vil nyte godt av ditt engasjement, er kulturlivet. Bergen bognar over av gode kulturtilbod, men dei kan stadig bli betre og fleire.

Kaia Tetlie er våren 2010 leiar for organisasjonen Studentersamfunnet. Studentsersamfunnet er ein arrangør som steller i stand foredrag og debattar for studentar.

Tetlie sine arbeidsoppgåver som leiar går blant anna ut på å drifte organisasjonen og halde kontakt med eksterne samarbeidspartnarar.

– Å vere leiar er eit gjevande engasjement, blant anna det å få erfaring med å styre ein organisasjon og samarbeide med andre aktørar. Vi kan jo invitere kven som helst til å halde foredrag. Eit år hadde vi besøk av Desmund Tutu, fortel Tetlie.  

Tetlie blei med i Studentersamfunnet då ho kom til Bergen, fordi ho synes det virka som ein spennande organisasjon.

– Vi har ei mangfaldig medlemsmasse beståande av engasjerte menneske med ulike interesser. Det gjer at vi lærer mykje av kvarandre, seier Tetlie.

Godt sportstilbod

Treningstilbodet for studentar i Bergen er organisert gjennom Bergensstudententenes Allianseidrettslag (BSI). Midt i sentrum av byen finn ein treningsanlegg med symjebasseng, styrkerom og fleire innandørsbaner der studentidrettslaga trenar. Den store breidda av aktivitetstilbod byggjer på studentar sitt engasjement og varierte interessa. Studentane står sjølve for å organisere og oppretthalde tilbodet.

Simen Brekke er leiar i badmintongruppa til BSI. Hans motivasjon for å ta på seg vervet er grunna i interessa for badminton.

–  Dei siste tre åra har eg vore aktiv badmintonspelar. Ved å vere leiar kan eg gje noko tilbake til gruppa, seier han.

Som styreleiar er hans oppgåver retta mot å vere bindeleddet mellom andre BSI og andre idrettsorganisasjonar, til Norges Studentidrettslag og Norges Badmintonsforbund.   

–  Eg trivst med å ha ansvar og føler at eg er flink til å organisere, derfor synes eg at dette vervet passar for meg, seier han.

Studentmedia

Bergen har dessutan eit rikt tilbod av studentmedium. Vil du skaffe deg erfaring med tanke på ein framtidig mediekarriere? Studentmedia i Bergen har årelang tradisjon og kompetanse i å formidle studentrelaterte saker gjennom både tv, radio, aviser og magasin.

Jon Aksel Haukanes sitt hjarte ligg journalistikken nærme, og difor har han ikkje berre eit verv, men to. Han er kulturredaktør i fagmagasinet Samviten og jobbar som programleiar i Studentradioen.

– Uansett kva ambisjonar ein har, og iallfall om ein vil jobbe med media eller bli journalist, er studentmedia ein god plass å begynne, meiner han.