Hjem
Utdanning

Studiestartveka 2014

I veke 33 har vi gleden av å ønske alle nye studentar velkommen til studiestart ved Universitetet i Bergen.

Studentar koser seg i studiestartveka
Som ny student blir du tatt i mot av fadrar. Dei vil hjelpe deg med praktiske gjeremål, men og gi deg ei god sosial start på studentlivet.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Kvart fakultet har eit eiga program for studiestartveka, 11. til 15. august. Dette programmet finn du ved å følge lenkene under.

Tysdag 12. august blir ein hendingsrik dag for alle nye og gamle studentar, for då blir den offisielle opninga av det akademiske året ved Universitetet i Bergen arrangert. Det blir ein dag med liv og røre, med taler, underhaldning og med sal av god mat. 

studentorget i Studentsenteret finn du rundt 100 studentorganisasjonar – alt frå politiske og idealistiske organisasjonar til kor, korps, idrettslag og studentmedia. Her har du ein eineståande sjanse til å finne ut kva du vil drive med på fritida. Ikkje nøl med å ta kontakt!

Seinare på dagen inviterer vi til velkomstseremoni i Nygårdsparken. Årets gjestertalar er tidlegare UiB-student og NRK-korrespondent, Hans Wilhelm Steinfeld. Rektor Dag Rune Olsen vil ønske velkommen og leiar av Studentparlamentet vil sei nokre ord. Det vil også bli fleiere musikkinnslag.